Maria Høgetveit Berg
Maria Høgetveit Berg (fødd 2. november 1941) kjem frå Vinje i Telemark. Ho har vore kultursjef i Ål i Hallingdal og er utdanna lærar. I 1981 vart ho vald til leiar i Noregs Mållag, og det var fyrste gong ei kvinne hadde det vervet. Ho var med i interimstyret til Landssamanslutninga av Nynorskkommunar, og har vore aktiv i Norsk folkemusikk- og danselag og leiar i FolkOrg sidan 2009. Maria Høgetveit Berg er gift med Hallgrim Berg.
Maria Høgetveit Berg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1941 (83 år) Vinje kommune |
Yrke | lærar |
Ektefelle | Hallgrim Berg |