Maria Karolina av Austerrike
Maria Karolina av Austerrike (13. august 1752–8. september 1814) var dronning og de facto regent av Napoli og Sicilia som kona til kong Ferdinand IV.
Liv
endreMaria Karolina var dotter av det tysk-romerske keisarparet Frans I og Maria Teresia og syster av Marie Antoinette, som blei dronning i Frankrike. Som barn blei ho skildra som ein ivrig elev som var overtydd om at ho var utpeika til å regjera. Ho var favoritt og leikekamerat til Marie Antoinette.
Maria Karolina blei gift med kong Ferdinand av Napoli og Sicilia i 1768. Ekteskapet var blitt arrangert som eit vilkår for ein allianse mor hennar hadde gjort med far til Ferdinand, om at ei av hennar døtrer skulle gifta seg med hans son. Ingen av ektefellane var tiltrekte av den andre, men dei levde saman og fekk ei rekkje barn som kunne fortsetja arvelinja.
Kort tid etter at ho kom til Napoli tok Maria Karolina kontroll over hoffet, og skipa ein salong vitja av lærde som Gaetano Filangieri, Domenico Cirillo og Giuseppe Maria Galanti.[1] Etter kvart fekk ho meir innverknad ved hoffet, og etter å ha fødd ein son i 1777 fekk ho plass ved riksrådet. Ektemannen var lite interessert i styre og stell. Han hade støtta seg på råd frå faren Karl III av Spania gjennom ministeren sin Tanucci, men Maria Karolina fekk Ferdinand til å avsetja denne i 1776 og fekk markien av Sambuca innsett i staden.
Politikken til Maria Karolina gjekk ut på å gje landet ei stormaktsstilling, å frigjera det frå spansk innverknad og å alliera det med Austerrike. Ho var ein sterk motstandar av den franske revolusjonen og det påfølgjande Napoleon-regimet. Gjennom vennskapen med den engelske ambassadørfrua Emma Hamilton og Lord Nelson nærma ho seg Storbritannia.
Dronninga fekk aukande motstand frå folket og adelen, som oppfatta henne som ein utlending som hadde teke over kontrollen i landet. I 1799 førte eit opprør i Napoli til at riket blei delt og familien måtte flykta til Sicilia. Opprøret blei slått ned, men familien blei verande på Sicilia. I 1806 blei Ferdinand avsett som konge av Napoli av Napoleon. Maria Karolina mista makta over Sicilia då Ferdinand abdiserte til fordel for sonen i 1812. Ho drog tilbake til fødelandet Austerrike, der ho døydde i 1814.
Maria Karolina støtta fleire tysk-sveitsiske kunstnarar. Fremst av desse var Angelika Kauffmann, som måla fleire bilde av dronninga og familien hennar, og underviste døtrene hennar i teikning. Dronninga støtta også landskapsmålaren Jacob Philipp Hackert, som blei gjeven ein fløy i slottet i Francavilla.
Barn
endre- Maria Teresa (1772-1807), gift med fetteren Frans II av Det tysk-romerske riket
- Luisa Maria Amelia Teresa (1773-1802), gift med fetteren Ferdinand III av Toscana
- Carlo (1775-1778)
- Maria Anna (1775-1780)
- Frans I av Begge Sicilia (1777-1830)
- Maria Cristina Amelia (1779-1849), gift med Karl Felix I av Sardinia
- Carlo (1780-1789)
- Giuseppe (1781-1783)
- Maria Amalia (1782-1866), gift med den framtidige Ludvig Filip I av Frankrike 1809
- dødfødt barn (1783)
- Maria Antonietta (1784-1806), gift med fetteren Ferdinand VII av Spania
- Maria Clothilde (1786-1792)
- Maria Enrichetta (1787-1792)
- Carlo (1788-1789)
- Leopoldo (1790-1851), prins av Salerno, gift med systerdottera Clementine av Austerrike (1798-1881)
- Alberto (1792-1798)
- Maria Isabella (1793-1801)
Kjelder
endre- ↑ Bearne, p 81.
- Denne artikkelen bygger på «Maria Carolina of Austria» frå Wikipedia på engelsk, og «Maria Karolina av Österrike» frå Wikipedia på svensk den 19. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Acton, Harold (1956). Bourbons of Naples. Methuen & Co.: London.
- Bearne, Catherine Mary (1907). A Sister of Marie Antoinette: The Life-Story of Maria Carolina, Queen of Naples. T. Fisher Unwin: London
- Crankshaw, Edward (1969). Maria Theresa. Longman Publishers: London.
- Davis, John Anthony (2006). Naples and Napoleon: southern Italy and the European revolutions (1780–1860). Oxford University Press: Oxford. ISBN 0-19-820755-7
- Fraser, Antonia (2002). Marie Antoinette: The Journey. Phoenix: London. ISBN 978-0-7538-1305-8
- Jackson, Gudia M (2000). Women Rulers Throughout the Ages: An Illustrated Guide. Abc-Clio: Santa Barbara. ISBN 1-85109-339-7
- Jones, Colin (2002). The Great Nation: France from Louis XV to Napoleon. Columbia University Press: New York. ISBN 0-231-12882-7
- Lever, Evelyn (2001). Marie Antoinette: The Last Queen of France. Judy Piatkus: London. ISBN 0-7499-2194-3
- Nagel, Susan. (2008). Marie Thérèse: The Fate of Marie Antoinette's Daughter. Bloosmbury: New York. ISBN 978-0-7475-8159-8
- Tarabra, Daniela (2008). European Art of the Eighteenth Century. The J. Paul Getty Museum: Los Angeles. ISBN 978-0-89236-921-8
- Vernon, Mrs HM. (1909). Italy: From 1494 to 1790. Cambridge University Press: London.
- Vovk, Justin C. (2010). In Destiny's Hands: Five Tragic Rulers, Children of Maria Theresa. iUniverse: Bloomington, Ind. ISBN 978-1-4502-0081-3
- Wheatcroft, Andrew (1996). The Habsburgs: Embodying Empire. Penguin Books: London. ISBN 978-0-14-023634-7
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
www.treccani.it/enciclopedia/maria-carolina-d-asburgo-lorena-regina-di-napoli