Mariana Secca
Mariana Brito da Cruz Forjaz Secca (fødd 30. oktober 1994), kjend under artistnamnet Maro, er ein portugisisk songar og låtskrivar. Ho representerte Portugal i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Saudade, saudade».
Mariana Secca | |||
| |||
Fødd | 30. oktober 1994 (30 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lisboa | ||
Alias | Maro | ||
Opphav | Portugal | ||
Verka som | songar, komponist |
Bakgrunn
endreSecca vart fødd og vaks opp i Lisboa med ein italiensk far og portugisisk mor. Allereie som barn dreiv ho med musikk, og hun skreiv sin fyrste song som elleveåring.[1] Ho spelar både gitar og elbass. Etter skulegangen drog ho til USA for å studere ved Berklee College of Music i Boston. Etter dette etablerte ho seg i Los Angeles for å vidareutvikle musikkarrieren.[2]
I 2018 slapp Maro debutalbumet Maro, vol. 1, tett følgt av Maro, vol. 2 og Maro, vol. 3. Albuma vart oppdaga av den engelske musikaren Jacob Collier, som hjalp ho med å få internasjonal eksponering, blant anna som oppvarmingsartist for songaren Jessie J.[3]
I januar 2022 vart Maro kunngjord som ein av deltakarane i den 56. utgåva av Festival da Canção, den portugisiske uttakinga til Eurovision Song Contest. Ho deltok med den engelsk- og portugisiskspråklige låten «Saudade, saudade», som ho har skrive saman med John Blanda.[4] I finalen laurdag 12. mars 2022 vann ho både jury- og telefonavrøystinga og fekk dimed representere Portugal i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.[5][1] Der enda ho på niandeplass, den beste plasseringa til Portugal sidan sigeren i 2017.[6]
Diskografi
endreStudioalbum
endre- 2018 – Maro, vol. 1
- 2018 – Maro, vol. 2
- 2018 – Maro, vol. 3
- 2018 – Maro & Manel (med Manuel Rocha)
- 2018 – It's OK
- 2022 – Can You See Me?
EP-ar
endre- 2021 – Pirilampo
- 2022 – we've been loving in silence
Singlar
endre- 2019 – «Midnight Purple» (med Nasaya)
- 2019 – «Why» (med Ariza)
- 2019 – «What Difference Will It Make»
- 2020 – «Mi condena» (med Vic Mirallas)
- 2021 – «Tempo» (med Nasaya)
- 2021 – «I See It Coming» (med Nasaya)
- 2022 – «Saudade, saudade»
- 2022 – «Am I Not Enough for Now?»
- 2022 – «We've Been Loving in Silence»
- 2022 – «It Keeps on Raining»
- 2022 – «Like We're Wired»
Som gjesteartist
endre- 2019 – «Lua» (Jacob Collier med Maro)
- 2021 – «Walk Above the City» (The Paper Kites med Maro)
- 2022 – «Better Now» (Odesza med Maro)
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «MARO wins 'Festival da Canção': will represent Portugal in Turin 🇵🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «MARO. Há uma nova voz na música portuguesa». www.dn.pt (på portugisisk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ Cipriano, Rita. «Estão escolhidos os primeiros cinco finalistas do Festival da Canção». Observador (på portugisisk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ «MARO - "saudade, saudade" | Final». Festival da Canção (på portugisisk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Maro vence Festival da Canção 2022». Festival da Canção (på portugisisk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ «MARO - Portugal - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Mariana Secca» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2022.