«Amar pelos dois»
Song av Salvador Sobral

Land Portugal
Språk Portugisisk
Utgjeve 10. mars 2017
Sjanger Ballade, jazz, visesong
Lengd 03:05
Selskap Sons em Trânsito, Sony
Komponist Luísa Sobral
Tekstforfattar Luísa Sobral
Låtskrivar(ar) Luísa Sobral
Produsent Luísa Sobral

«Amar pelos dois» ('å elske for oss begge') er ein portugisisk ballade som vert framført av Salvador Sobral. Songen er skriven av systera hans, Luísa Sobral. I mars 2017 vann «Amar pelos dois» den portugisiske songtevlinga Festival da Canção og vann deretter Eurovision Song Contest 2017 – den fyrste sigeren til Portugal i Eurovision Song Contest.[1] Songen er ein roleg jazzinspirert kjærleiksballade. Teksta handlar om tapt kjærleik, og songaren sitt søk etter å finna henne. Til slutt konkluderer han med at «mitt hjarte kan elske for oss begge».[2]

Eurovision Song Contest

endre

I Eurovision Song Contest vann «Amar pelos dois» den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2017 og kvalifiserte seg dimed seg til finalen laurdag 11. mai. Der var «Amar pelos dois» det ellevte bidraget ut på scena og vann til slutt ein klår siger hos både juryane og sjåarane. Portugal fekk til saman 758 poeng, 143 poeng meir enn andreplassen Bulgaria. Dette var den fyrste sigeren til Portugal og sette ein stoppar for ei rekordlang deltaking utan ein førsteplass i Eurovision Song Contest. Den beste plasseringa til Portugal før sigeren var ein sjetteplass med songen «O meu coração não tem cor» i 1996.[1]

Listeplasseringar

endre
Liste Høgaste

plassering

  Belgia, Flandern (Ultratop)[3] 30
  Belgia, Vallonia (Ultratip)[3] 8
  Danmark (Billboard Digital)[4] 4
  Europa (Euro Digital Songs)[5] 13
  Finland (Latauslista)[6] 1
  Frankrike (SNEP)[7] 4
  Hellas (Billboard Digital)[5] 5
  Island (RÚV)[8] 1
  Kroatia (HRT)[9] 19
  Luxembourg (Billboard Digital)[5] 3
  Nederland (Single Top 100)[10] 35
  Noreg (Billboard Digital)[11] 3
  Portugal (AFP)[12] 1
  Portugal (Billboard Digital)[13] 1
  Skottland (Official Charts Company)[14] 37
  Spania (PROMUSICAE)[15] 35
  Storbritannia (UK Singles Chart)[16] 97
  Sveits (Schweizer Hitparade)[17] 6
  Sverige (Sverigetopplistan)[18] 33
  Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[19] 43
  Ungarn (Single Top 40)[20] 8
  Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[21] 22

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 «PORTUGAL WINS THE 2017 EUROVISION SONG CONTEST!». 
  2. «Amar pelos dois lyrics - English translation» (på engelsk). Henta 14. mai 2017. 
  3. 3,0 3,1 «'Amar pelos dois' på flamsk singelliste». ultratop.be. 14. mai 2017. Henta 14. mai 2017. 
  4. «Chart Search | Billboard» (på engelsk). Henta 18. mai 2018. [daud lenkje]
  5. 5,0 5,1 5,2 «Chart Search | Billboard» (på engelsk). Arkivert frå originalen 3. juni 2017. Henta 19. mai 2017. 
  6. «Musiikkituottajat - Tilastot - Suomen virallinen lista - Artistit» (på finsk). Henta 18. mai 2018. 
  7. «Le Top de la semaine : Top Singles Téléchargés - SNEP». SNEP (på fransk). 25. januar 2014. 
  8. «Amar Pelos Dois». RÚV (på engelsk). 12. mai 2017. 
  9. «ARC Top 40 :: Hrvatski radio». 6. juni 2017. Arkivert frå originalen 6. juni 2017. Henta 18. mai 2018. 
  10. Hung, Steffen. «Salvador Sobral - Amar pelos dois». Henta 19. mai 2017. 
  11. «Norway Digital Song Sales : May 27, 2017 | Billboard Chart Archive» (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. desember 2018. Henta 19. mai 2017. 
  12. Hung, Steffen. «portuguesecharts.com - Salvador Sobral - Amar pelos dois». Henta 14. mai 2017. 
  13. «Portugal Digital Song Sales». Billboard. Arkivert frå originalen 3. april 2017. Henta 14. mai 2017. 
  14. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. mars 2015. Henta 19. mai 2017. 
  15. Hung, Steffen. «Salvador Sobral – "Amar pelos dois" på spansk singelliste». spanishcharts.com. Henta 18. mai 2018. 
  16. «amar pelos dois | full Official Chart History | Official Charts Company». Henta 19. mai 2017. 
  17. Hung, Steffen. «Salvador Sobral – "Amar pelos dois" på hitparade.ch». Henta 18. mai 2018. 
  18. «Sverigetopplistan - Sveriges Officiella Topplista» (på svensk). Henta 19. mai 2017. 
  19. «"Amar pelos dois" på Offizielle Deutsche Charts» (på tysk). Henta 19. mai 2017. 
  20. lightmedia.hu. «Single (track) Top 40 lista - Hivatalos magyar slágerlisták». Henta 18. mai 2018. 
  21. Hung, Steffen. «Salvador Sobral – "Amar pelos dois" på østerriksk singelliste». Henta 18. mai 2018.