Marianne Gullestad

Marianne Gullestad (28. mars 194610. mars 2008) var ein norsk sosialantropolog kjend for forsking på familie, sosial klasse, postkoloniale tilhøve, livsløps- og fotoforståing.

Marianne Gullestad
Fødd28. mars 1946
Kristiansand kommune
Død10. mars 2008
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeantropolog, professor
InstitusjonarUniversity of Chicago
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Alma materUniversitetet i Bergen
EktefelleJan Terje Faarlund

Marianne Gullestad var fødd i Kristiansand, men voks opp i Bergen. I 1964 tok ho examen artium ved Fana Gymnas før ho vart studen i Oslo og Bergen.[1] Ho fekk graden mag. art. i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen i 1975, og tok doktorgraden ni år seinare. Frå 1998 til ho døydde forska Gullestad ved Institutt for samfunnsforskning under Universitetet i Oslo. Ho verka også ved University of Chicago, Universitetet i Tromsø og Norsk senter for barneforskning i Trondheim.[1]

Gullestad var gift med medisinaren Fred Holsten frå 1967 til 1981. Frå var ho 1988 gift med språkforskaren Jan Terje Faarlund.[1]

Prisar og utmerkingar

endre

I 1997 vart Gullestad vald til medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab og i 2007 til medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi.

  • 1975 – Livet i en gammel bydel. Skriftserie nr. 14, sosialantropologisk institutt. Universitetet i Bergen. (Denne versjonen er den same som avhandlinga til magistergraden).
  • 1979 – Livet i en gammel bydel. Livsmiljø og bykultur på Verftet og en del av Nøstet. Oslo: Aschehoug. (Revidert, popularisert og illustrert versjon av avhandling frå 1975).
  • 1984 – Kitchen-Table Society. A Case Study of the Family Life and Friendships of Young Working-Class Mothers in Urban Norway. Oslo: Universitetsforlaget. (2 opplag). Ny utgåve som ’klassiker’ i 2002.
  • 1985 – Livsstil og likhet: Om nærmiljø i byer. Oslo: Universi-tets-forlaget, 1985. (3 opplag og utgjeving som undervisningskompendium.)
  • 1988 – Med Ottar Brox (red.) På norsk grunn: Hyllest til Fredrik Barth. Oslo: Ad Notam, 1988. (3 opplag)
  • 1989 – Kultur og hverdagsliv: På sporet av det moderne Norge. Oslo: Universitetsforla-get (Det blå bibliotek), 1989. (4 opplag)
  • 1990 – Med Reidar Almås (red.) Livshistorier: Seks bidrag til selvbiografikonkurransen «Skriv ditt liv». Oslo: Universitetsforlaget.
  • 1992 – The Art of Social Relations. Essays on Culture, Thought and Social Action in Modern Norway. Oslo: Universitetsforlaget. Scandinavian Library.
  • 1995 – Med Martine Segalen, (red.) La famille en Europe: Parenté et perpétuation familiale. Paris: Editions La Découverte, Collection "Rercherches".
  • 1996 – Everyday Life Philosophers: Modernity, Morality and Autobiography in Norway. Oslo: Universitetsforlaget.
  • 1996 – Hverdagsfilosofer: Verdier, selvforståelse og samfunnssyn i det moderne Norge. Norsk utgåve av boka Everyday Life Philosophers. Oslo: Universitets-forlaget. (Presentert i bokklubbane Dagens bok og Kunnskap og kultur.)
  • 1996 – Imagined Childhoods: Self and Society in Autobiographical Accounts. Redigert artikkelsamling. Oslo: Universitetsforlaget.
  • 1997 – Med Martine Segalen, (red.) Family and Kinship in Europe. London: Pinter. (Engelsk utgåve av bok som blei gjeven ut på fransk i 1995.)
  • 2002 – Det norske sett med nye øyne. Kritisk analyse av norsk innvandringsdebatt. Oslo: Universitetsforlaget. (Innkjøpt av Norsk kulturråd. 2 opplag.)
  • 2002 – Kitchen-Table Society. (Ny utgivelse som klassiker av bok fra 1984 med ny innleiing av Daniel Miller.) Oslo: Universitetsforlaget.
  • 2006 – Plausible Prejudice: Everyday Practices and Social Images of Nation, Culture and Race. Oslo: Universitetsforlaget, 2006.
  • 2007 – Misjonsbilder. Bidrag til norsk selvforståelse. Bruk av foto og film i tverrkulturell kommunikasjon. Oslo: Universitetsforlaget. (Innkjøpt av Norsk kulturråd.)
  • 2007 – Picturing Pity: Pitfalls and Pleasures in Cross-Cultural Communication. Word and Image in a North Cameroon Mission. Oxford og New York: Berghahn Books, 2007.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Brox, Ottar (27. august 2010), «Marianne Gullestad», Norsk biografisk leksikon 

.