Maricica Puică (fødd 29. juli 1950), opphavleg Maricica Luca, er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar frå Iaşi. Ho var ein av dei aller beste kvinnelege mellomdistansløparane på 1980-talet, og vart olympisk meister på 3 000 meter under Sommar-OL 1984. Elles sikra ho seg to EM-sølv og VM-sølv på same distansen, og ein OL-bronse på 1500 m. Både i 1982 og 1984 vann ho gullmedaljar i verdsmeisterskapen i terrengløp.

Maricica Puică


Maricica Puică i 1982]]

Statsborgarskap Romania
Fødd 29. juli 1950 (73 år)
Iași
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980

Aktiv endre

Puicǎ kom på fjerdeplass på 3 000 m ved europameisterskapen 1978. I mars 1982 vann ho terrengløps-VM. I august same året tok ho sølvmedaljen på 3 000 m under friidretts-EM, slått med tre sekundar av Svetlana Ulmasova frå Sovjetunionen, og ho enda på fjerdeplassen i 1500-meterfinalen, tre tidels sekund bakom bronsemedaljøren. Ein månad seinare, i september 1982, sette ho i Rieti ny verdsrekord på ei engelsk mil med tida 4.17,44.

Grunna skade deltok Puicǎ ikkje i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i 1983. Tidleg i OL-året 1984 var ho tilbake i tevlingar, og forsvarte VM-tittelen i terrengløp. Den 1. juli sette ho personleg rekord på 1500 m med 3.57,2 under eit stemne i Bucuresti. Nokre veker seinare vart ho under sommarleikane i Los Angeles den fyrste olympiske meister i 3 000 meter for kvinner, med meir enn tre sekundars margin til nummer to. I dei same leikane tok ho bronsemedaljen på 1500 m, bakom Gabriella Dorio frå Italia og sin eigen landsmann Doina Melinte. Den 7. september 1985 gjorde Puicǎ unna sin beste 3 000 m nokon gong, då ho vann ei tevling i Roma på tida 8.27,8.

Under EM i friidrett 1986 i Stuttgart, vann Puicǎ som i førre EM sølvmedaljen på 3 000 m, og som i førre EM bak ein sovjetrepresentant, då Olga Bondarenko. I finalen på 1500 meter kom ho inn til femteplass. Året 1987 byrja med at ho vann bronsen på 3 000 m i innandørs-VM i Indianapolis, bak sovjet-løparane Tatjana Samolenko og Bondarenko. Seinare i 1987, 37 år gammal, vann ho sølvmedaljen på 3 000 m at ved friidretts-VM i Roma, på ny bakom Samolenko.

Puicǎ deltok hausten 1988 i sine fjerde sommarleikar i Seoul 1988. Få hundre meter før mål braut ho kvalifiseringsløpet på 3 000 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre