Doina Ofelia Melinte, fødd Beșliu, (fødd 27. desember 1956) er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar frå Hudești i Botoşani fylke. Ho vart olympisk meister på 800 meter i 1984 og tok sølv på 1500 m i same leikane. Både i 1987 og 1989 vann ho innandørs-VM og i 1985, 1988 og 1990 i EM 1500 m.

Doina Melinte


Doina Melinte under Sommar-OL 1984

Statsborgarskap Romania
Fødd 27. desember 1956 (67 år)
Hudești
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980

Aktiv endre

Doina Beșliu vart slått ut or semifinalane på 800 meter under Sommar-OL 1980 i Moskva. I 1982, då som Doina Melinte, hadde ho årsbeste i verda på 800 meter, men enda på sjetteplassen på distansen ved EM i Aten. Same plasseringa fekk ho på 800 m i Helsinki-VM 1983.

Under dei olympiske leikane 1984 i Los Angeles vann ho gullmedaljen på 800 meter, sekundet framom Kim Gallagher frå USA og si eiga landskvinne Fiţa Lovin. Fem dagar seinare tok ho sølvmedaljen på 1500 meter, Gabriella Dorio frå Italia vann løpet, medan Maricica Puică, også ho frå Romania, vart nummer tre.

Melinte kom i mål til bronse på 1500 m ved friidretts-EM 1986, slått på målstreken av Tatjana Samolenko, men over sekundet bakom vinnaren Ravilja Agletdinova. Ved innandørs-VM i Indianapolis i mars 1987 sigra Melinte på 1500 m framom nemnde Samolenko. I september fekk ho bronsemedaljen på same distansen i verdsmeisterskapen i Roma. Opphavleg vart ho nummer, men Sandra Gasser på tredjeplass vart diskvalifisert for bruk av dopingmiddel.

Under Sommar-OL 1988 i Seoul vann landsmannen Paula Ivan gullmedaljen på 1500 m, Melinte enda på niandeplassen i tevlinga. Eit lite halvår seinare forsvarte derimot Melinte innandørs-tittelen på 1500 m, vinnartida 4.04,79 i Budapest-VM var meisterskapsrekord. Våren 1990 vann ho i Glasgow 1500 m i innandørs-EM for tredje gong, tidlegare sigrar kom i 1985 i Pireus og i 1988 i Barcelona. På 1500-meteren under friidretts-EM 1990 i Split vart ho nummer seks, medan ho i 1991 kom på fjerdeplass i 1500-meterfinalane både under innandørs-VM i Sevilla og under friidretts-VM i Tokyo.

Melinte tok seg til finalen på 1500 m også under sommarleikane i Barcelona i 1992, men braut løpet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre