Marina Ovsiannikova

Marina Vladimirovna Ovsiannikova (fødd 19. juni 1978) er ein russisk tv-produsent som arbeidde ved den leiande russiske tv-kanalen Rossija 1. 14. mars 2022 gjennomførte ho ei aktivisthandling i samband med den russiske invasjonen av Ukraina, ei handling som blei spreidd via sosiale medium, blant anna gjennom Aleksej Navalnyj.

Marina Vladimirovna Ovsiannikova
russisk Марина Владимировна Овсянникова

Fødenamn Marina Vladimirovna Tkatsjuk
Марина Владимировна Ткачу́к
Statsborgarskap Russland
Fødd 19. juni 1978 (46 år)
Odesa
Yrke journalist, redaktør, TV-produsent, redaktør, filmprodusent
Språk russisk
Marina Ovsiannikova på Commons

Biografi

endre

Ovsiannikova blei fødd i Odessa i Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen. Mor hennar er russisk, og faren hennar er ukrainsk.[1] Ovsiannikova har eksamen frå Kuban universitet og frå det russiske akademiet for nasjonal økonomi og offentleg teneste. Ho arbeidde for TV-produksjonsselskapet VGTRK, i kanalen Rossija 1.[2]

Protest

endre

Den 14. mars 2022 gjennomførte Ovsiannikova ei aktivisthandling under tv-programmet Vremja. Under sendinga, som handla om den russiske invasjonen av Ukraina i 2022, dukka ho opp bak nyheitsankeret Jekaterina Andrejeva med ein plakat med denne teksten:

  NO WAR  
Остановите войну
не верьте пропаганде
здесь вам врут
RUSSIANS AGAINST WAR

som kan omsetjast til norsk

  Ingen krig  
Stopp krigen
Ikkje tru på propagandaen
Her blir dere loge til
Russarar mot krig [3][4]

Etter nokre sekund blei sendinga stoppa. Ovsiannikova blei arrestert, skulda for å ha «baktalt Russlands væpna styrkar».[3] Den innspelte sendinga er ikkje tilgjengeleg for nedlasting, noko som er uvanleg for denne tv-kanalen.[5] Kanalen starta ei intern gransking av hendinga.[3][4]

Førehandsinnspelt bodskap

endre

Ovsiannikova publiserte også ein førhandsinnspelt video på Telegram:[6][7][8][9] [10] [11]

« Det som skjer i Ukraina, er eit brotsverk. Russland er eit aggressorland, og ansvaret for denne aggresjonen kviler på samvitet til berre éin person. Denne personen er Vladimir Putin. Far min er ukrainar, mor mi er russar, og dei har aldri vore fiendar. Dette halsbandet eg har på meg er eit symbol på det faktum at Russland må avslutte denne krigen mot eit broderfolk med ein gong. Og våre broderfolk vil fortsatt greie å opprette fred. Dessverre har eg brukt dei siste åra på å jobbe for Kanal 1 ved å lage Kreml-propaganda, og eg skammer meg over dette. Eg skammar meg over at eg tillet løgner å bli kringkasta til TV-skjermar. Eg skammar meg over at eg tillet andre å gjere det russiske folk til zombiar. Vi var tause i 2014 då alt dette starta. Vi protesterte ikkje då Kreml forgifta Navalnyj. Vi berre såg passivt på dette inhumane regimet i aksjon. Og no har heile verda snudd ryggen til oss. Og dei neste ti generasjonane vil ikkje greie å vaske vekk skamflekken av denne krigen mot eit broderfolk. Vi russarar er tenkjande og intelligente menneske. Det ligg på oss åleine å stoppe all denne galskapen. Protester. Ikkje vær redd for noko. Dei kan ikkje sperre oss alle inne.[12] »

Både aksjonen og den forklarande videoen blei spreidde på sosiale medium som Telegram og Twitter etter hendinga.[3] Videoen blei blant anna nemd av talspersonane til Aleksej Navalnyj.[3]

Reaksjonar

endre

Ovsiannikova blei arrestert av russisk politi etter ny lovgjeving og sensur forbunde med det den russiske staten krev skal omtalast som ein «militær spesialoperasjon» i Ukraina.[13]

15. mars takka den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj Ovsiannikova i ein av dei kringkasta talane sine.[14] Etter hendinga blei videoklipp spreidd gjennom sosiale medium, inkludert Facebook og Twitter, og nådde fram til nyheitsnettverk som CNN, BBC, NRK, TV 2, VG, Aftenposten, Dagbladet og mange fleire.

Etterspel

endre

Ovsiannikova blei arrestert og tatt til Ostankino politistasjon i Moskva.

Kevin Rothrock, ein av redaktørane ved den uavhengige nyheitstenesta Meduza, posta seinare på dagen 15. mars eit bilete som viste Ovsiannikova saman med Anton Gasjinskij, ein menneskerettsadvokat, i ein rettssal.[15] Ovsiannikova blei skulda for å organisere ei uautorisert offentleg hending og blei dømd til å betale ei bot på 30 000 rublar (rundt 2500 kroner).[16]

Ovsiannikova gjennomgjekk eit 14 timar langt forhøyr.[17]

Etterforsking blei sett i gang rundt skuldingar om at Ovsiannikova skal ha spreidd «falsk informasjon» om det russiske militæret.[18] Etter ei russisk lov frå 4. mars 2022 kunne ho bli rettsforfølgd for å kalle den russiske invasjonen av Ukraina ein «krig» i staden for regjeringa sin eufemisme «militær spesialoperasjon», og bli dømd til opptil 15 års fengsel. Her måtte ei rettssak i så fall til for at ho skal kunne bli idømd straff.[19]

Ovsiannikova blei tilboden politisk asyl i Frankrike, men ønskte ikkje å forlate Russland.[20]

11. april 2022 blei det annonsert at Ovsiannikova fekk ei stilling som frilans-korrespondent ved den tyske nyheitskanalen WELT der ho skulle skrive for avisa og bidra ved TV-produksjonar, blant anna frå Russland og Ukraina. [21]

Den 25. mai 2022 mottok Ovsiannikova Václav Havel-prisen for kreativ motstand, utdelt under konferansen Oslo Freedom Forum i Noreg. Til NRK kunne ho fortelje at ho trudde dei færraste i russisk TV trudde på propagandaen dei presenterte. «Dei jobbar berre for å få løn og medisinsk forsikring», meinte ho.[22]

I oktober 2022 forlet Ovsiannikova Russland saman med dottera si, etter å ha blitt sett på Russland si liste over ettersøkte personar. Årsaka til det var at ho hadde brote vilkåra for husarresten ho sat i mens ho venta på å bli stilt for retten.[23]

I oktober 2023 blei Ovsiannikova in absentia dømd til 8,5 års fengsel for å spreie falsk informasjon om krigen i Ukraina. Dette var for ein aksjon ho gjorde juli 2022, da ho stilte seg opp i nærleiken av Kreml med ein plakat der det stod «Putin er ein mordar. Soldatane hans er fascistar». Denne aksjonen la ho ut på sosiale medium. I tillegg til soninga, blei ho også utestengd frå å administrere nettsider som spreier informasjon.[24][25]

Kjelder

endre
  1. «Kuppet russisk TV-sending med antikrig-budskap» ["Russian TV broadcast Couped with anti-war message"]. Verdens Gang. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Журналистка и выпускница КубГУ вышла с пацифистским плакатом во время прямого эфира новостей на Первом канале». Юга.ру (på russisk). Henta 14. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Protesterade i rysk tv mot kriget – uppges ha gripits av polis». DN.SE (på svensk). 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 
  4. 4,0 4,1 «‘They’re lying to you’: Russian TV employee interrupts news broadcast». the Guardian (på engelsk). 14. mars 2022. 
  5. «Редактор Первого канала Марина Овсянникова ворвалась в прямой эфир с плакатом «Остановите войну, вам здесь врут»». The Insider (på russisk). Henta 14. mars 2022. 
  6. Ilyushina, Mary; Knowles, Hannah. «Protester bursts onto live Russian state TV to decry war and ‘propaganda’». The Washington Post (på engelsk). ISSN 0190-8286. 
  7. Patrick Reevell, ABC News, 14. mars 2022 ("I'm ashamed I allowed lies to be spoken from the TV screen. Now ten generations of our descendants won't wash off the disgrace of this fratricidal war. We're Russian people, thinking, intelligent. It's only in our power to stop this insanity,")
  8. «Ukraine: As It's Happening». The Moscow Times (på engelsk). 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 
  9. «Woman disrupts Russian TV newscast to protest Ukraine invasion, urges viewers 'Don't believe the propaganda!'». Fox_News. 14. mars 2022. 
  10. «Russian Woman Interrupts Live State News Broadcast To Send Message to Putin». Newsweek. 14. mars 2022. 
  11. «Anti-war protester in studio disrupts live Russian state TV news». Reuters. 14. mars 2022. 
  12. Mal:Webref
  13. Russia outlaws spreading ‘fake news’ about the Russian military with fines and prison Poynter. Accessed 15 March 2022
  14. Zelenskyj med beskjed til russiske soldater: − Jeg vet at du vil leve (tr."Zelensky with a message to Russian soldiers: - I know you want to live ") Verdens Gang. Accessed 15 March 2022
  15. «Russisk journalist skal være avbildet i retten», Verdens Gang, 15. mars 2022
  16. «Russian court fines woman for anti-war protest on state TV», Reuters, 15. mars 2022
  17. «– Ekstremt bekymret for sikkerheten min», TV2, 17. mars 2022
  18. «The Badass Russian TV Producer Who Crashed a Newscast Is Free—For Now», Vice.com, 15. mars 2022
  19. «Marina Ovsyannikova: Russian journalist in court after TV protest, BBC, 15. mars 2022»
  20. «Russia TV protester quits channel, turns down asylum offer», 17. mars 2022
  21. «Russian journalist who protested Ukraine war on-air is named correspondent for German news station», CBS News, 11. april 2022
  22. «Russisk tv-redaktør» (på norsk). NRK Dagsrevyen. 25. mai 2022. Henta 27. mai 2022. 
  23. «State TV Journalist Who Denounced War in Ukraine Flees Russia». The Moscow Times. 17. oktober 2022. 
  24. Russisk redaktør dømt til over åtte års fengsel, NRK, 4. oktober 2023»
  25. «Бывшую сотрудницу Первого канала Марину Овсянникову заочно приговорили к восьми с половиной годам колонии». Meduza (på russisk). 4. oktober 2023.