Marit Elisebet Totland
Marit Elisebet Høines Totland (fødd 1957) er ein norsk Krf-politikar og forfattar frå Skudenes. Ho var ordførar i Bømlo kommune frå 1995 til 1997, då ho fekk ny jobb som statssekretær i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i den første Bondevik-regjeringa. Ho var direktør ved Valen sjukehus frå 2001 til 2003, og var medlem av kommunestyret i Kvinnherad frå 2007 til 2015.
Marit Elisebet Totland | |
Marit Elisebet Totland på Garborgsenteret | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. april 1957 (67 år) |
Yrke | politikar, skribent |
Politisk parti | Kristeleg Folkeparti |
I 2004 gav Totland ut boka Blåstrømpe, ein historisk roman frå Skudenes på 1870-talet. Ho har òg skrive lokalhistoriske hefte frå Skudenes, lærebøker i kristendomskunnskap for grunnskulen og undervisningsmateriale for jubileet Kyrkja i Noreg tusen år. I 2014 kom Garborg og Skou - forskjell på folk?, ei bok om Arne Garborg og barndomsvennen Martin Johan Skou, taterguten som var modell for Carolus Magnus i romanen Fred.
I 2016 kom Totland ut med den historiske romanen Alt vel, som er ein frittståande oppfølgjar til Blåstrømpe.
Marit Elisebet Totland er mor til forfattar og journalist Anders Totland.
Bibliografi
endre- 2016: Alt vel (Kapabel forlag)
- 2014: Garborg og Skou - forskjell på folk? (Commentum forlag)
- 2008: Husker du? (Nauthydlaren forlag)
- 2004: Blåstrømpe (Nauthydlaren forlag)
- 2001: Med handemakt og hestekraft. Rolf Høines forteller (Nauthydlaren forlag)
- 2000: Svunne tider og og forsvunne hus. Rolf Høines forteller (Nauthydlaren forlag)
- 2000: Mikkel rev, bamse brakar og Ole M.Totland. (Nauthydlaren forlag, i samarbeid med Ole Jakob Totland)
- 1997: Spøk og alvor fra krig til fred. Rolf Høines forteller (Nauthydlaren forlag)
- 1995: Pedagogisk materiell til alle landets førskular, barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular i samband med kyrkja sitt 1000-årsjubileum (Moster forlag)
- 1991-1994: Kristendomsboka, 1-3, med lærerveiledning og arbeidsbok, saman med Toril Hansen, (Cappelen forlag)