Markråkar

Familie med råkefuglar

Markråkar, Brachypteraciidae, er ein liten fuglefamilie av ikkje-trekkjande fuglar endemiske for Madagaskar. Dei er knytt til isfuglar, bietarar og råkar.

Markråkar
Langhalemarkråke, Uratelornis chimaera Illustrasjon John Gerrard Keulemans, 1896, Public domain
Langhalemarkråke, Uratelornis chimaera
Illustrasjon John Gerrard Keulemans, 1896, Public domain
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Familie: Markråkar Brachypteraciidae
Bonaparte, 1854
Tjukknebbmarkråke, Brachypteracias leptosomus
Foto: Marius Conjeaud

Dei liknar mest på sistnemnte gruppe, og blir somme tider sett på som ein underfamilie av dei eigentlege råkar. Markråkar har storleik som kråker, 25-49 centimeter i lengd, og kroppsbygging som råkar. Som råkar jaktar dei reptil og store insekt. Dei er meir bakkelevande enn artar av råkar, og dette er reflektert med lengre bein og kortare, meir avrunda venger.

Samanlikna med råkar er markråkar mindre fargerike, og dei har stripete eller flekka fjørdrakt. Dei er mykje meir unnvikande og sky enn slektningane sine, og er vanlegvis vanskelege å finne i dei gassiske skogane.[1] Ofte er det song i spel som røper nærværa deira.

Desse fuglane hekkar som einsleg par i hòl i bakken som dei grev ut sjølv, i motsetnad til råkar som sjeldan hekkar i bakkehol, og sjølv då grev dei ikkje ut hòl for eigne reir.[1]

Artsliste

endre
 
Tjukknebbmarkråke, Brachypteracias leptosomus
Foto: Frank Vassen

i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Brachypteracias

  • Tjukknebbmarkråke, Brachypteracias leptosomus, Short-legged Ground-Roller, VU, Lesson, 1833
  • Kjellmarkråke, Brachypteracias squamiger, Scaly Ground-Roller, VU, Lafresnaye, 1838

Slekt Atelornis

  • Pittamarkråke, Atelornis pittoides, Pitta-like Ground-Roller, LC, Lafresnaye, 1834
  • Rustmarkråke, Atelornis crossleyi, Rufous-headed Ground-Roller, NT, Sharpe, 1875

Slekt Uratelornis

  • Langhalemarkråke, Uratelornis chimaera, Long-tailed Ground-Roller, VU, Rothschild, 1895

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Forshaw, J. & Kemp, A. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 147. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)