Markus Anton Svendsen (fødd 28. februar 1941) er ein norsk, tidlegare kombinertrennar frå Havøysund i Finnmark. Han vann kombinertrennet under Svenska skidspelen i 1965 og kombinertrenna i Lahti både i 1966 og 1967. Både i 1967 og 1968 vart han noregsmeister i øvinga. Svendsen representerte Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo.

Markus Svendsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. februar 1941 (83 år)
Havøysund
Yrke kombinertløpar

Aktiv endre

Svendsen vann bronsemedaljen under NM på ski 1965, same året gjekk han heilt til topps i kombinertøvinga i Svenska Skidspelen. Både i 1966 og i 1967 vann han kombinert i Lahti, den sistnemnde sesongen vann han sitt fyrste norske meisterskap i øvinga. Han gjentok prestasjonen då han sikra seg NM-tittelen for 1968 i ØrskogSunnmøre.

Svendsen deltok for Noreg i tre internasjonale meisterskap. Under verdsmeisterskapen i Oslo 1966 vart han nummer ni. To år seinare, under dei olympiske leikane i Grenoble hamna han på 27. plass, då alle dei norske kombinertløparane smurde seg fullstendig vekk i langrennet, medan han i ski-VM 1970 kom på 19. plass.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1963: Nr 10 i Svenska Skidspelen i Falun
  • 1964: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1965: Vinnar av Svenska Skidspelen i Falun, nr 4 i Holmenkollen og nr 6 i Lahti
  • 1966: Vinnar i Lahti, nr 9 i ski-VM i Oslo
  • 1967: Vinnar i Lahti, nr 3 både i Holmenkollen og i Falun
  • 1968: Nr 3 i Lahti, nr 7 i Holmenkollen og nr 9 i Falun
  • 1969: Nr 4 i Svenska Skidspelen i Falun
  • 1970: Nr 2 i Holmenkollen
  • 1971: Nr 6 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Svendsen slutta som aktiv skirennar i 1973, og busette seg etterkvart i Ski i Akershus. I 2008 gav han bort delar av premiersamlinga si til Måsøy kommune.[1]

Notar endre

Bakgrunnsstoff endre

  • (en) Markus Svendsen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar