Marstein fyrstasjon
Marstein fyr i Austevoll kommune i Vestland er eit kystfyr som vart bygd i 1887.
Marstein fyr ein sommardag i juli 2008 med svart hav. | |||
Fylke | Vestland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Austevoll | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1887 | ||
Koordinatar | 60°07.804′N 5°00.627′E / 60.130067°N 5.010450°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 17,3 m | ||
Form | Kvitt hus med tårn | ||
Byggjemateriale | Betong | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Blink kvart 10. sekund Bifyr: Okkulterande raudt lys kvart 8. sekund. | ||
Lysstyrke | 84 000 cd | ||
Lyshøgd | 38 moh. | ||
Lysvidde | 10,6 nm | ||
Status | |||
Eigar | Austevoll kommune | ||
Automatisert | 1987 | ||
Avfolka | 2002 | ||
Marstein fyr 60°07′48″N 5°00′38″E / 60.1301°N 5.01045°E | |||
Marsteinen er ein holme som ligg ved inngangen til Korsfjorden og dermed innseglinga til både Bergen og Hardangerfjorden. Fyret består av eit kvitt betonghus med tårn. Den franske linsa som vart montert då fyret vart oppført er framleis i bruk, sjølv om han har skår frå skot under den andre verdskrigen. Det finst òg eit bifyr i same tårn med raudt lyst.
Fram til 1916 hadde fyret ein nautofon som vart nytta som tåkelur, medan radiofyr, som hadde ei rekkjevidd på 50 natuiske mil var i drift til 1923.
Fyret vart automatisert i 1987 og avfolka i 2002. Etter avfolkinga overtok Austevoll kommune Marsteinen samt fyret i august 2006.
Både næringslivet, Austevoll kommune og regjeringa har sett av midlar til å gjere Marsteinen til ein turistattraksjon. Utfordringa er den vêrharde plasseringa ytst i havgapet og dårleg tilkomst.
Fyret er eit av dei mest vêrutsette fyra langs norskekysten, noko dei mange forlisa i nærleiken er bevis på. I januar 2005 vart delar av bygningane på Marsteinen sterkt skadde av ekstremvêret Inga.
Kjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket. 2008. s. 191. Arkivert frå originalen (PDF) 19. juli 2011. Henta 3. mars 2021.
- «Marstein fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening. Henta 3. mars 2021.