Martín Fiz
Martín Fiz Martín (fødd 3. mars 1963) er ein spansk tidlegare langdistanseløpar frå Vitoria-Gasteiz som i 1994 vart europameister i maratonløping og året etter vart verdsmeister på same distansen.
Martín Fiz | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 3. mars 1963 (61 år) Vitoria-Gasteiz |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 2000 |
Utmerkingar | Lan Onari, Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje, Vitoria-gullmedaljen |
Fiz tok gullmedaljen på maraton under EM 1994 i Helsinki, og fekk med seg to landsmenn på sigerspallen. Våren etter sigra han i Rotterdam maraton, før han i august vann gullet då VM 1995 fann stad i Göteborg.
Under dei olympiske leikane i Atlanta sommaren 1996 vart Fiz nummer fire på maratondistansen, godt over halvminuttet bak dei tre som kjempa om medaljane til heilt inn på OL-stadion. Året etter tok han sølvmedaljen i maraton ved verdsmeisterskapen 1997 i Aten, fem små sekundar bak landsmannen Abel Antón.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1990 i Split: 5000 m - braut
- VM 1991 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa på 5000 m (13.59,52 =nr 23)
- EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje – 2.10,31, framom Diego García (2.10.46)
- VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje – 2.11,31, framom Dionicio Cerón (2.12.13)
- OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 2.13.20
- VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 2.13,21, bakom Abel Antón (2.13.16)
- VM 1999 i Sevilla: Nr 8 – 2.16.17
- OL 2000 i Sydney: Nr 6 – 2.13.06
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Martín Fiz» frå Wikipedia på tysk, den 29. juli 2018.