Martaum
Martaum
Martaum
Systematikk
Rike: Det gule riket Chromista
Rekkje: Ochrophyta
Underrekkje: Phaeista
Klasse: Brunalgar Phaeophyceae
Orden: Tare Laminariales
Familie: Chordaceae
Slekt: Chorda
Art: Martaum C. filum
Vitskapleg namn
Chorda filum

Martaum eller åletang (latinsk Chorda filum) er ein brunalgeart som er vanleg langs norskekysten om sommaren. Planta vert gjerne vekke om hausten ettar at ho er overgrodd av andre algar. Algen er forma som ein lang og grov tråd som kan verte opp til fire meter lang og vert rekna med mellom tarane, men er eittårig. Arten er typisk for skjerma viker med grusbotn. Her kan dei lange snoren nå havflata og flette seg i kvarandre på overflata. Trådane kan ofte vikle seg rundt åreblad og propellar. Martaumen kan også gå ned til 7-8 m djupn.

Kjelder endre

  • «Martaum» i Caplex.
  • Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).

Bakgrunnsstoff endre