Marte Mjøs Persen

norsk politikar

Marte Mjøs Persen (fødd 24. april 1975) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var olje- og energiminister i regjeringa Støre frå 2021 til 7. mars 2022. Deretter tok ho over som Arbeids- og inkluderingsminister fram til 16. oktober 2023.[1]

Marte Mjøs Persen

Fødd24. april 1975 (48 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (1. mars 2008), Raud Valallianse (11. mars 2007), Raudt (11. mars 2007; 11. februar 2008)
Yrkepolitikar
VervNorsk olje- og energiminister 2021–2022
FøregangarTina Bru
EtterfylgjarTerje Aasland
VervOrdførar i Bergen 2015–2021
FøregangarTrude Drevland
EtterfylgjarRune Bakervik
Alle verv

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Persen studerte litteraturvitskap og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Ho har mellom anna jobba som organisasjonssekretær i Human-Etisk Forbund i Hordaland, og vore fylkessekretær i Nei til EU.

Politisk karriere endre

Persen var nestleiar i Raud Valallianse frå 2003 til 2006 og representerte valalliansen i Bergen bystyre i perioden 2003-07. Perioden 2007-11 var ho til vararepresentant til bystyret, der ho vore mest oppteken med miljø og byutvikling. Elles har ho engasjert seg i kvinnesaksspørsmål, var mellom anna kvinnepolitisk talsmann for RV.[2] Persen braut med Raud Valallianse i februar 2008, då RV slo seg saman med AKP og grunnla partiet Raudt,[3] og gjekk inn i Arbeidarpartiet 1. mai 2008.

I perioden mellom 2011 og 2015 var ho leiar av helse- og sosialkomiteen i Bergen. I oktober 2015 vart ho vald til ordførar i Bergen, ein byrådsstyrt kommune.

Ho var ordførar i Bergen kommune frå 2015 til 2021.[4][5]

Kjelder endre

  1. Hedda Kurseth & Vilde Helljesen. «Støre: – Ingen av statsrådane har bedt om å fråtre». NRK. Henta 16. oktober 2023. 
  2. Eilertsen, Ingvild T. (9. mars 2004), «Kvinnenes kamprop», Rana Blad (på norsk), henta 15. oktober 2021 
  3. Artikkel i Bergens Tidende [daud lenkje]
  4. «Marte Mjøs Persen (Ap) er Trude Drevlands etterfølger». Aftenposten. 14. oktober 2015. Henta 15. oktober 2015. 
  5. «Trillingmor fra Flaktveit blir byens nye ordfører». Bergensavisen. 14. oktober 2015. Henta 15. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff endre


  Denne politikkartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.