Martin Andersen

norsk politikar

Martin Adolf Andersen (17. januar 184421. desember 1927) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Vestre Toten.

Martin Andersen
Fødd17. januar 1844
Vestre Toten kommune
Død21. desember 1927 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Centrum
Yrkepolitikar, bonde, kommandersersjant
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1889–1891)
  • ordførar i Østre Toten (1878–1893)
  • vararepresentant til Stortinget (1883–1885)
  • vararepresentant til Stortinget (1886–1888) Sjå dette på Wikidata

Andersen var son til ein gardbrukar på Vestre Toten. Sjølv gjekk han underoffisersskule, sersjant 1862 og kommandersersjant 1864. I 1868 tok han over farsgarden Tangen og dreiv denne til 1903. Han var i tillegg kontrollør frå 1884, fyrst i Oplandske distrikt, frå 1897 i Akershusiske distrikt og frå 1904 overkontrollør i Bergenske distrikt.

Andersen var medlem av heradsstyret i Toten 1872-1902, ordførar 1872-93. Han var forlikskommissær i 18 år, amtsrevisor 1881-89 og medlem av amtsutvalet 1882-88.

Andersen representerte Kristians amtStortinget i perioden 1889-91. Han var medlem av jarnbanekomiteen, frå 29. mai 1890 også av Lagtinget.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914