Martin Luther King jr.

(Omdirigert frå Martin Luther King, Jr.)

Martin Luther King jr. (15. januar 19294. april 1968) var ein afroamerikansk baptistprest, borgarrettsforkjempar og vinnar av Nobels fredspris.

Martin Luther King jr.

Fødd15. januar 1929
Atlanta
Død4. april 1968 (39 år)
Statsborgar avUSA
Yrkeborgarrettsaktivist, teolog, predikant, forkynnar, skribent, pastor, pasifist, nødhjelpsarbeider, menneskerettsaktivist, fredsaktivist, politikar
InstitusjonarDexter Avenue Baptist Church
Ebenezer Baptist Church
Vrije Universiteit Amsterdam
Utdanna vedMorehouse College
Crozer Theological Seminary
Boston University
Washington High School
Boston University School of Theology
David T. Howard High School
Candler School of Theology
MorAlberta Williams King
FarMartin Luther King, Sr.
EktefelleCoretta Scott King
BarnYolanda King, Martin Luther King III, Dexter Scott King, Bernice King
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
Southern Christian Leadership Conference
Alpha Phi Alpha
Progressive National Baptist Convention
Martin Luther King taler under borgerrettsdemonstrasjonen i Washington i 1963.

Bakgrunn

endre

King var fødd i Atlanta i den amerikanske sørstaten Georgia som son av presten Martin Luther King, Sr. og Alberta Williams King. King junior utdanna seg ved Morehouse College og Crozer Theological Seminary før han tok doktorgrad ved universitetet i Boston i 1955.[1]

Han blei kjend i 1955 som leiar for bussboikotten i Montgomery starta av Rosa Parks. I 1957 var han med på å at grunnlegga Southern Christian Leadership Conference, som skulle organisera borgarrettsrørsla. King gjekk inn for filosofien om sivil ulydnad, og leia talrike demonstrasjonstog for å setta fokus på dei manglande rettane til afroamerikanarane.

Den 14. oktober 1964 blei Martin Luther King den yngste mottakaren av Nobels fredspris til då.[2] Den best kjende talen til King er den som blir kalla «I Have a Dream», som han heldt i Washington DC i 1963.

Martin Luther King blei skoten av James Earl Ray på eit hotell i Memphis i Tennessee, der King var med på å organisera ein demonstrasjon for borgarrettar.[3]

Kjelder

endre
  1. Thorsen, Niels: Martin Luther King i Den Store Danske på lex.dk. Henta 4. april 2023.
  2. «Martin Luther King Jr.» (på engelsk). The Nobel Peace Prize. Henta 4. april 2023. 
  3. Jahr, Ida; Sirevåg, Torbjørn: Martin Luther King i Store norske leksikon på snl.no. Henta 4. april 2023.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Martin Luther King jr.