Marxisme-leninisme

(Omdirigert frå Marxist-leninisme)

Marxisme-leninisme er ein kommunistisk ideologi som vart hovudstraumdraget i dei kommunistiske partia frå midten av 1920-åra, då han vart vedteken som ideologisk grunnlag for den Tredje Internasjonalen («Komintern») då Josef Stalin vart leiar i Sovjetunionen. Men i andre samanhengar har ulike grupper bruka omgrepet for å skildre den ideologien dei hevdar å representere.

Hammar og sigd, symbol på kommunisme.

Få år etter Vladimir Lenin døydde hadde Stalin kome til makta i Sovjetunionen. Ifølgje G. Lisitsjkin er marxismen-leninismen ein separat ideologi sett saman av Stalin i hovudsak i boka Spørsmål i leninismen). Marxismen-leninismen vart då offisiell ideologi for den sovjetiske staten og for Komintern.

Trotskistar hevdar at stalinismen står i motstrid med ekte marxisme og leninisme, og bruka opphavleg termen bolsjevik-leninisme for å skildre sin eigen anti-stalinistiske og (sidan anti-maoistiske) ideologi.

Omgrepet marxisme-leninisme er såleis mest bruka av dei som meiner arven frå Marx og Lenin vart ført vidare av Stalin på ein vellykka måte. Men termen vart òg bruka av kommunistar som etter Stalin var død tok avstand frå visse trekk ved Stalin-regimet, mellom desse Nikita Khrusjtsjov.

Etter at Sovjetunionen og Folkerepublikken Kina vart uvener, hevda begge dei to store statsberande kommunistpartia at dei var einaste rette arvingen til marxismen-leninismen. I Kina hevda dei først at Mao Zedong hadde tilpassa marxismen-leninismen til kinesiske tilhøve, men sidan at denne oppdateringa gjaldt overalt, difor termen marxismen-leninismen-Mao Zedong si tenking (enklare kalla «maoismen»). Denne varianten vart offisiell ideologi for Folkerepublikken Kina så lenge Mao levde, og sameleis for dei kommunistpartia som følgde Kina.

I Nord-Korea vart marxismen-leninismen offisielt skifta ut med «juche» i 1977. Dette er ein ideologi der omgrep som klasse eller klassekamp ikkje er inne i biletet, altså er han ingen marxistisk variant i det heile. Men styret der er framleis vanlegvis rekna for kommunistisk eller stalinistisk grunna den politiske og økonomiske strukturen i landet.

I dei andre tre kommunistiske statane som finst i dag – Cuba, Vietnam og Laos – har dei styrande partia framleis marxismen-leninismen som offisiell ideologi, men dei har noko ulike tolkingar av han i praktisk politikk. Nokre noverande kommunistiske parti i tillegg til desse held òg fram med å sjå marxismen-leninismen som den grunnleggjande ideologien sin, sjølv om somme har modifisert han for å tilpasse seg nye eller lokale tilhøve.

I partinamn er omgrepet til vanleg bruka av kommunistparti som ønskjer å skilje seg ut frå andre kommunistparti i same landet, parti som dei då truleg ser på som revisjonistiske. Dette gjaldt til dømes det norske partiet AKP (m-l), som no er gått inn i partiet Raudt, i høve til det eldre Norges Kommunistiske Parti.

Marxismen-leninismen er ikkje synonym med marxisme generelt.

Kjelder endre