Masatierrapetrell

fugleart
Masatierrapetrell
Masatierrapetrell
Masatierrapetrell
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Masatierrapetrell
Utbreiinga av Masatierrapetrell
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Pterodroma
Art: Masatierrapetrell P. defilippiana
Vitskapleg namn
Pterodroma defilippiana

Masatierrapetrell (Pterodroma defilippiana) er ein sjøfuglart i stormfuglfamilien Procellariidae. Han er hekkeendemisk til Chile der han hekkar på Santa Clara-øya i Juan Fernández-øygruppa og på Desventuradas-øyane.

Skildring endre

Masatierrapetrellen er ein liten Pterodroma-petrell med relativt korte venger og lang hale,[1] og med ei kroppslengd på omtrent 26 centimeter. Hetta og maska er mørkegrå medan panna er kvit. Han er mørkegrå på oversida med eit mørkt «M»-mønster karakteristisk for mange i slekta, og ein lysare grå halvkrage. Undersida vengene og kroppen frå strupe til stjert er kvit. Sett nedanfrå har vengene svarte spissar og svarte bakkantar.[2] Eit kjenneteikn brukt til identifisering er at oversida av halen er einsfarga grå utan den mørke tuppen til dei næraste slektingane i Pterodroma.[1]

Han hekkar i to øygrupper utanfor kysten av Chile, Juan Fernández-øygruppa og på Desventuradas-øyane. Lite er kjent om rørslene til masatierrapetrellane utanom hekketida, dei spreier truleg i mindre grad enn andre petrellar som hekkar i området, truleg held deg seg på havet i det austlege Stillehavet sør for ekvator der Perustraumen årsakar eit stort oppstraumdrag av næringsrikt kaldt vatn. Her beitar fuglen på småfisk og små blekksprutar. I perioden frå mars til juni er dei ikkje nær øygruppane der dei hekkar.[2]

Eit samla estimat for hekkepopulasjonen på Desventuradas-øyane frå 1970 var meir enn 10 000 fuglar. Estimat for Juan Fernández-øyane i 1991 var nokre hundre fuglar.[3]

Storleiken på den totale populasjonen per 2018 er trudd å vere færre enn 10 000. Arten er kategorisert som sårbar (VU) av Verdas naturvernunion IUCN. Dette er på grunn av liten populasjon og avgrensa hekkeområde, og det faktumet at landbaserte rovdyr som villkatter og søramerikanske nasebjørnar (Nasua nasua) et egg og ungar, og blir trudd å ha årsaka utryddinga av hekkepopulasjonen på Robinson Crusoe-øya. Rotter blir også trudd å vere predatorar.[2][3]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Onley, D.; Scofield P. (2007). Albatrosses, Petrels and Shearwaters of the World. Princeton University Press, Princeton, New Jersey. ISBN 978-0-691-13132-0
  2. 2,0 2,1 2,2 Carboneras, C., F. Jutglar, og G. M. Kirwan (2020). Masatierra Petrel (Pterodroma defilippiana), version 1.0 I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. Henta 15. mars 2023
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2018). «Pterodroma defilippiana». IUCN Red List of Threatened Species 2018: e.T22697990A132617737. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T22697990A132617737.en. Henta 15. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Masatierrapetrell