Maskerademaurvaktar

art av sporvefuglar

Maskerademaurvaktar, Pithys albifrons, er ein fugl i maurfuglfamilien. Han har habitat i tropiske fuktige låglandsskogar og er utbreidd i nordlege Sør-Amerika inn i utkanten av Amazonasbassenget.

Maskerademaurvaktar
I Cordillera del Cóndor, Ecuador Foto: Francisco Enríquez/NBII Image Gallery
I Cordillera del Cóndor, Ecuador
Foto: Francisco Enríquez/NBII Image Gallery
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Maskerademaurvaktar
Utbreiinga av Maskerademaurvaktar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Pithys
Art: Maskerademaurvaktar P. albifrons
Vitskapleg namn
Pithys albifrons

Skildring

endre

Maskerademaurvaktar er ca. 13 centimeter lang og veg 21 gram. Begge kjønna er like, underside, hale og nakke er raudbrun. Overside og venger er mørk blågrå, hovud og strupe er svart med kvit augelinje. Rundt nebbet og framhovud har dei kraftige, kvite bustar som dannar to «horn» og «fippskjegg».

Maskerademaurvaktar er ofte den mest talrike maurfølgjande arten som følgjer svermar av vandremaur.

I Peru lever han i nordvestre Amazonas regnskog: i nordlege Loreto-regionen, sørover langs skråninga på austsida av Andes til Junín-regionen, opp til 1350 moh. I Venezuela finst han i dei søraustre delstatane Bolívar, Amazonas og i grenseområda i vestre Apure. Dei andre landa han kan treffast i er Colombia, Ecuador, Guyana, Surinam, Fransk Guyana og Brasil.

Kjelder

endre