Santoríni

(Omdirigert frå Santorini)

Santoríni (gresk Σαντορίνη) eller Thíra (gresk Θήρα) er ei vulkansk øy i Hellas og den sørlegaste øya i Kykladane i Egearhavet. Ho ligg om lag 200 km søraust for det greske fastlandet, har eit areal på 73 km² og i 2001 om lag 13 600 innbyggjarar.

Santoríni
Lokalt namn Σαντορίνη
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°25′N 25°26′E / 36.417°N 25.433°E / 36.417; 25.433
Øygruppe Kykladane

Areal 90,7 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Thíra
Største busetnad Firá (1 616 innb.)

Demografi
Folketal 15 550 (2011[1])
Folketettleik 171,6 /km²

Tidlegare hadde øya to kommunar, men frå 2011 er Santoríni ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Firá (Thíra by) er hovudstad i periferieininga.[2]

Administrativ inndeling endre

 
Den tidlegare kommunen Santoríni (Thíra), no kommunaleininga Santoríni (Thíra)

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

  • Santoríni (Thíra)
  • Ía

Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Santoríni (Thíra) 15 550 innbyggjarar, medan kommunaleininga med same namn hadde 14 005 innbyggjarar.[1]

Geografi endre

Santoríni er hovudsakleg det som er igjen av ein enorm vulkaneksplosjon som øydela dei tidlege busetnadane her og som danna det noverande krateret. Dei vakre omgivnadane og det yrande nattelivet gjer øya til eit stort europeisk turistmål.

Ein enorm sentral lagune, meir eller mindre rektangulær med mål på 12 x 7 km, ligg med 300 meter høge, bratte klipper på tre sider. Øya heller nedover frå klippene og ut i havet. Ved den fjerde sida av lagunen ligg den litle øya Thirasía. Lagunen møter havet to stader, i nordvest og i sørvest. Vatnet i midten av lagunen er opp til 400 meter djupt, og er derfor ei trygg hamn for alle typar skip. Hamnene på øya ligg alle i lagunen og det er ingen hamner på utsida av øya. Hovudbyen på Santoríni, Firá, ligg på toppen av klippene og ser ut over lagunen.

Øya er det mest aktive vulkansenteret i den søregeiske vulkanrekkja, sjølv om alt som er igjen i dag er eit krater fylt av vatn. Namnet «Santoríni» vart gjeve til øya av Det latinske riket på 1200-talet og viser til St. Irene. Før dette vart ho kalla Kallistē («den aller vakraste»), Strongylē («den runde») eller Thera.

Øya er åstad for det største vulkanutbrotet i nyare historie, og det vert kalla det minoiske utbrotet. Det skjedde for om lag 3 500 år sidan på toppen av den minoiske sivilisasjonen. Utbrotet etterlet eit stort krater omringa av eit opp til hundre meter tjukt lag av vulkansk oske, og i følgje teorien kan dette indirekte ha ført til den minoiske sivilisasjonen sitt fall på øya Kreta, som ligg 110 km lenger sør, via ein enorm tsunami. Ein annan populær teori er at utbrotet på Santoríni er kjelda til legenda om Atlantis.

«Minoisk» Akrotíri endre

 
Satellittbilete av Santoríni. Med klokka frå midten: Néa Kaméni; Paleá Kaméni; Aspronísi; Thirasía; Thíra

Utgravingar starta i 1967 ved ein stad kalla Akrotíri («Øvre Thíra») av professor Spyridon Marinatos har gjort Santoríni til den best kjende «minoiske siviliasjonen» utanfor Kreta, der kulturen oppstod. Øya vart ikkje kalla Thera på denne tida. Berre sørenden av ein stor by er utgraven og har likevel synt bygningskompleks med fleire etasjar, gater og plassar, med gjenverande murar opp til 8 meter høge. Alt er gravlagd i stivna oske etter utbrotet. Dette tyder på at det var ein stor by. I mange hus er steintrappene framleis intakt og dei inneheld store keramikkrukker (pithoi), møller og keramikk. Det mest kjende funnet i Akrotíri er veggmåleri eller fresker, som har halde sine opphavlege fargar svært godt sidan dei vart bevart under fleire meter med vulkansk oske. Byen hadde utvikla eit avløpssystem og ut i frå kunstverka var innbyggjarane svært sofistikerte og velståande.

Ein har funne røyr med rennande vatn og vassklosett i Akrotíri, som er dei eldste av slike nyttegjenstandar ein har funne. Røyra er doble, noko som indikerer at det vart nytta både varmt og kaldt vatn. Det varme vatnet var sannsynlegvis geotermisk på grunn av vulkanen i nærleiken. Alle desse sofistikerte og avanserte funna liknar på Platon si skildring av det legendariske Atlantis.

 
«Safransankarane»

Veggmåleria i Akrotíri manglar det mytologiske innhaldet ein ofte har funne i både gresk og kristen dekor. I staden viser dei minoiske freskane safraninnsamlarar som ofrar krokusstøvdragarar til ei sitjande kvinne, kanskje ei gudinne. I eit anna hus kan ein sjå to antiloper, ein fiskar med fisk han har fanga og ein flotilje av lystbåtar i lag med hoppande delfinar.

 
Landskap om våren. Freske frå bronsealderen i Akrotíri

Dei godt bevarte ruinane av den antikke byen vert ofte samanlikna med ruinane av Pompeii i Italia. Uheldigvis kollapsa taket som dekker ruinane i september 2005 og ein turist omkom, medan sju andre vart skada. Staden har etter dette vore stengd medan eit nytt tak vert bygd.

Dei eldste teikna til busetnadar her er frå sein steinalder (3000-talet fvt. eller tidlegare), men i om lag 2000 til 1650 fvt. utvikla Akrotíri seg til ei av dei viktigaste hamnene i Egearhavet i bronsealderen, og ein har funne lekamar her frå både Kreta, Anatolia, Kypros, Syria og Egypt, i tillegg til Dodekanesane og det greske fastlandet.

Datering endre

Den eksakte tida for utbrotet er ukjend. Dendrokronologisk forsking, karbondatering og iskjerner på Grønland har indikert at utbrotet skjedde mellom om lag 1650 fvt. og 1600 fvt. Denne perioden stemmer derimot ikkje med dei arkeologiske funna, som tyder på at utbrotet skjedde mellom om lag 1550 fvt. og 1500 fvt. Diskusjonen omkring dateringa pågår framleis.

Vulkanutbrotet endre

For meir om dette emnet, sjå Det minoiske utbrotet.

Det katastrofale vulkanske utbrotet på Santoríni vart den mest kjende enkeltståande hendinga i Egearhavet før Troja fall. Utbrotet må sannsynlegvis ha skapt ei stor klimaendring i det austlege middelhavsområdet, og er truleg eit av dei største vulkanutbrota på Jorda dei siste par tusen åra.

Fysiske effektar endre

 
Vulkankrater på Santoríni i dag

Det veldige utbrotet skjedde midt på ei lita øy like nord for den eksisterande øya Néa Kaméni i midten av krateret. Sjølve krateret vart danna fleire hundretusen år sidan av då eit tomt magmakammer kollapsa etter eit anna utbrot. Det har vorte fylt fleire gongar av ignimbritt sidan den gong og prosessen har gjentatt seg, sist gong for 21 000 år sidan. Den nordlege delen av krateret vart fylt av vulkanen og kollapsa så igjen under det minoiske utbrotet. Før det minoiske utbrotet danna krateret nesten ein samanhengande ring med berre ein liten inngang mellom den litle øya Aspronísi og Santoríni. Utbrotet øydela delar av ringen mellom Aspronísi og Thirasía, og mellom Thirasía og Santoríni, og danna to nye kanalar.

På Santoríni er det førekomst av kvit tefra etter utbrotet. Det dekkjer opp til 60 meter av jordsmonnet og markerer grunnivået for utbrotet. Laget er delt i tre ulike band, som indikerer forskjellige fasar av utbrotet. Nye arkeologiske funn frå 2006 har vist at Santorínihendinga sannsynlegvis var mykje meir omfattande enn ein har trudd tidlegare. Det vart kasta ut 61 kubikkilometer med magma og stein opp i jordatmosfæren. Tidlegare meinte at det berre var om lag 39 kubikkilometer.[3][4] Berre vulkanutbrotet på fjellet Tambora i 1815, med eit estimat på 100 kubikkilometer, (og kanskje utbrotet ved Tauposjøen i år 181) har kasta meir materiale ut i atmosfæren dei siste fem tusen åra.

Santoríni i antikken og mellomalderen endre

Santoríni vart ikkje busett igjen i resten av bronsealderen, då grekarar tok over Kreta. Nokre hundreår etter katastrofen, rundt år 1200 fvt., grunnla fønikarar ein stad på Santoríni. På 800-talet fvt. grunnla så dorianarar den hellenistiske byen Mesa Vouno, 396 moh. Dette folket hevda seinare at dei hadde kalla opp byen og øya etter leiaren deira, Theras.

 
Hus frå den doriske kolonien på Santoríni

Dorianarane etterlet seg mange inskripsjonar i stein i nærleiken av tempelet for Apollon. Desse inskripsjonane, som vart funne av Friedrich Hiller von Gaertringen, meiner ein kan vere av eit festritual på grunn av storleiken deira og det nøyaktige arbeidet. Andre historikarar meiner dei har pornografisk opphav.[5]

I følgje Herodotos (4.149-165) sende Santoríni ut kolonistar, etter ein sju år lang tørke, som grunnla fleire byar i Nord-Afrika, mellom anna Kyrene i Libya.

På 400-talet fvt. vart ikkje Santoríni med i Det athenske sjøforbundet og under peloponnesarkrigen gjekk dei inn på Sparta si side mot athenarane. Athenarane tok øya under krigen, men mista ho igjen etter slaget ved Aegospotami.

Som med andre greske område vart Santoríni styrt av romarane og seinare av Austromarriket.

Under krosstoga slo frankarane seg ned her. På 1200-talet annekterte Venezia øya som ein del av Hertugdømet Naxos, og kalla ho Santoríni, etter St. Irene. Santoríni kom under osmansk styre i 1579.

Det moderne Santoríni endre

 
Delar av Santoríni by og krateret.

Santoríni vart annektert av Hellas i 1912. Av større tettstader på Santoríni finn ein Firá, Ía, Emborío, Mesariá, Imerovígli, Pýrgos og Thirasía. Akrotíri er ein stor arkeologisk stad med ruinar frå den minoiske perioden. Øya har ingen elvar og det finst lite vatn her. Fram til tidleg på 1990-talet brukte dei lokale innbyggjarane å fylle cisterner med regnvatn som fall på hustaka og frå små kjelder, i tillegg til at dei importerte vatn frå andre område av Hellas. I dag gjev eit avsaltingsverk vatn, som framleis ikkje kan drikkast, til dei fleste hus.

Hovudnæringa på øya er turisme og om sommaren kan det verte ganske så tettfolka. Santoríni har ein liten, men blømande vinindustri.

I 1707 braut ein undersjøisk vulkan vassflata og danna den noverande øya Néa Kaméni, som i dag utgjer det meste av den vulkanske aktiviteten i området. Her var det tre utbrot på 1900-talet, det siste i 1950. Santoríni vart råka av eit øydeleggande jordskjelv i 1956. Ein gong i framtida er det nesten garantert at ein vil få eit nytt kraftig utbrot. Sjølv om vulkanen i dag er i ro kjem det gass og svovel ut av det aktive krateret på Nea Kameni.

Santoríni og Atlantis endre

 
Hus og hotell ved dei bratte klippene.

Det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor Santoríni vert rekna som ein av dei mogelege stadane for den segnomsuste byen Atlantis. Som med alle myter er samanhengane til verkelege stader vanlegvis tvilsame og seriøse forskarar er ofte skeptiske. Dei siste arkeologiske, seismologiske og vulkanologiske funna[6] om Kreta, Santoríni og Platon si skildring av Atlantis, gjer at sjølv respekterte forskarar har byrja å ta det meir seriøst.

  • Platon skildra eit palass med mykje vatn som rann inn frå dei nærliggande åsane, og dette stemmer godt med funna ein har gjort i Knossos og Akrotíri. Platon skildra òg at palasset i Atlantis var ein akropolis med fleire nivå som låg på ein stor og flat åstopp. Dette stemmer med palasset i Knossos.
  • Murane vart bygd med ein krystallinsk stein kalla lettspat, som vart henta ut lokalt og kutta i blokker med bronsesager. I Platon si skildring av Atlantis skal dei ytre veggane av palasset ha «skine som sølv», som er slik lettspatveggane ville ha sett ut i sollys.
  • Konstruksjonane var avanserte for si tid. Ingeniørane konstruerte veggane slik at luft og lys kunne strøyme gjennom dei, i tillegg til andre moment som lyste opp palasset. Palasset var òg utstyrt med ei sikring mot kraftige jordskjelv ved hjelp av støttepillarar ved dei ukalka veggane med trerammer og indre bjelkar. Dette var òg nytt på denne tida.

Den minoiske sivilisasjonen forsvann brått medan dei var på sitt rikaste og mektigaste. Dette er òg nokså likt Platon si skildring av skjebnen til Atlantis. Forskarar reknar med at fleire tsunamiar frå Santoríni trefte Kreta om lag år 1500 fvt..

  • Santoríni har eit massivt krater med ei øy i midten. Vukanologar har avgjort at øya vart oppslukt av utbrotet og at vulkanen kollapsa. Dette må sannsynlegvis ha påverka heile det austlege Middelhavet og heilt til Midtausten. Så store vulkanutbrot av denne typen er kjend for å skape tsunamiar. Det finst òg teoriar om at utbrotet kan forklare nokre av dei tilsynelatande mirakuløse hendingane under jødane si utvandring frå Egypt i Bibelen.
 
Den einaste gullekamen som er funnen i Akrotíri, ein liten skulptur av ein steinbukk.
  • I 1966 ved Akrotíri fann arkeolog James Maber Jr. ein antikk by under oska, som Pompeii, var nesten heilt intakt. Heile Santoríni vart dekt av vulkansk avfall under utbrotet. Laget med oske og pimpstein er over 30 meter tjukt. Under laget har arkeologar funne fleire heimar med sosifiskerte røyrleggararbeid og arkitektur som ein har funne i Knossos. At berre ein gullekam vart funne gøymd i eit golv indikerer at menneske evakuerte byen før utbrotet.
  • Øybyen Atlantis er skildra som ei rekkje konsentriske sirklar av land og vatn, og at kvar av dei var forbunde til sjøen av ein djup kanal. Kaiplass for mange skup og ei landfylling for lessing av lasta er òg skildra. Freskar ein har funne på Santoríni viser at utsjånaden på den tida kanskje kan tolkast på ein liknande måte. Dei viser òg ein stor by på øya, som arkeologar meiner kan ha vore i senteret av krateret.
  • I Akrotíri er det bygningar med fleire etasjar. Denne byen kan ha vore eit av dei første døma på byplanlegging med innlagd vatn og toalett i alle hus, samt kloakksystem. mange slike stader har no vorte gravne ut på Kreta og Santoríni.
  • Platon skildrar dagbrot på øya Atlantis der «kvite, svarte og raude steinar» vart gravne ut, og som vart nytta til å byggje byen. Dette stemmer med steinane ein har funne på Santoríni.
  • Det siste sporet er Platon sin referanse til Egypt som kjelda til Atlantismyten, via Solon. Egyptarane kalla Atlantis Kepchu[7], som òg er deira namn på folket frå Kreta. Det er spekulert i om overlevande etter det minoiske utbrotet bad Egypt om hjelp[7], sidan dei var den einaste andre høgkulturelle sivilisasjonen på den tida.
 
Panorama av krateret på Santoríni, tatt frå Imerovígli

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Emborío Santoríni (Thíra) 1 938
Firá (Thíra by) Santoríni (Thíra) 1 616
Mesariá Santoríni (Thíra) 1 593
Kamári Santoríni (Thíra) 1 344
Karterádos Santoríni (Thíra) 1 238
Pýrgos Kallístis Santoríni (Thíra) 884
Vóthonas Santoríni (Thíra) 699
Périssa Santoríni (Thíra) 678
Ía Ía 665
Megalokhóri Santoríni (Thíra) 594
Vourvoúlos Santoríni (Thíra) 535

Andre busetnader i kommunen er:

  • Monólithos (499)
  • Imerovígli (431)
  • Akrotíri (355)
  • Ájos Jeórjos (343)
  • Éxo Goniá (326)
  • Finikiá (222)
  • Thólos (197)
  • Manolás (på Thirasía) (160)
  • Mésa Katikíes (143)
  • Exomýtis (126)
  • Episkopí Goniás (118)
  • Potamós (på Thirasía) (113)
  • Panajía Kalóu (104)




Småøyar i kommunen:

  • Thirasía (319)
  • Paleá Kaméni (1)
  • Askaniá (0)
  • Aspronísi (0)
  • Eskháti (0)
  • Néa Kaméni (0)
  • Khristianá (0)

Referansar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Santorini frå Wikivoyage