Mata Hari av Gudny Aspaas og Anne-Karine Strøm

song frå 1976 med Anne-Karine Strøm
«Mata Hari»
av Gudny Aspaas og Anne-Karine Strøm
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1976
Låtskrivar(ar) Frode Thingnæs og Philip Kruse

«Mata Hari» er ein song av Gudny Aspaas og Anne-Karine Strøm frå1976. Songen er skriven av Frode Thingnæs og Philip Kruse.[1]

EurovisionEndra

Melodi Grand Prix 1976Endra

«Mata Hari» deltok i Melodi Grand Prix 1976, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1976 i Haag i Nederland. Songen vart framført på norsk av Gudny Aspaas med eit lite orkester, og så på nytt av Anne-Karine Strøm med eit stort orkester. Bidraget enda på andreplass med 351 poeng.[2][3]

Eurovision Song Contest 1976Endra

  «Mata Hari»
Eurovision Song Contest 1976
Land Noreg
Artist(ar) Anne-Karine Strøm
Medverkande Frode Thingnæs (dirigent)
Språk Engelsk
Komponist(ar) Frode Thingnæs
Låtskrivar(ar) Philip Kruse
Resultat
Finalepoeng 7
Finaleplass 18
Noreg i Eurovision Song Contest
«Touch My Life (With Summer)»
(1975)
«Mata Hari» «Casanova»
(1977)

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1976 fekk «Mata Hari» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1976. Teksten vart skriven om, og Anne-Karine Strøm framførte songen på engelsk. Bidraget enda på 18. og sisteplass med sju poeng; fire frå Portugal og tre frå Nederland. Frode Thingnæs var dirigent. Sisteplassen gjer Strøm til den einaste artisten som har enda sist to gonger i tevlinga; fyrste gong var i 1974 med «The First Day of Love».

FotnotarEndra

  1. «MGP 1976» (på norsk). OGAE Norge. Henta 27. juli 2014. 
  2. «Norway 1976» (på engelsk). esc-history.com. Henta 27. juli 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1976» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 27. juli 2014.