Melodi Grand Prix 1976

16. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 1976 var den 16. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Vinnarlåten blei «Mata Hari», komponert av Frode Thingnæs med tekst av Philip A. Kruse. Vinnarlåten blei sungen av Gudny Aspaas med lite orkester og Anne-Karine Strøm med stort orkester. Strøm representerte Noreg i den internasjonale finalen i Haag, der ho framførte låten på engelsk med same tittel. Der enda songen på 18. og siste plass med 7 poeng.

Melodi Grand Prix 1976
Dato
Finale 7. februar 1976
Vertskap
Finale Studio 1, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Jan Voigt
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Mata Hari»
Artist Gudny Aspaas/Anne-Karine Strøm
Resultat i Eurovision Song Contest 1976
Finalepoeng 7
Finaleplass 18.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1975 Melodi Grand Prix 1977

Sendinga endre

For første gong sidan 1962 droppa NRK ein open konkurranse, men inviterte i staden fem heiltidsmusikarar til å sende inn bidrag til finalen laurdag 7. februar 1976. Finalen gjekk nok ein gong frå Studio 1, og Jan Voigt kom attende som programleiar.

Dei fem melodiane blei framførte to gongar, først med eit lite orkester, som dette året var rockebandet Popol Ace. Så blei melodiane presenterte om att med nye artistar, akkompagnert av eit storband under leiing av Helge Hurum. Dette var siste gong NRK brukte ordninga med stort og lite orkester.

Jahn Teigen hadde ei framståande rolle i finalen dette året. Rockegruppa hans, Popol Ace, spelte alle fem melodiane som lite orkester. I tillegg song Teigen fire gongar, og han skapte monaleg merksemd etter finalen på grunn av den berømte skjelettdrakta si.

Den komande kona hans, Anita Skorgan, debuterte også i Melodi Grand Prix-samanheng dette året. 17 år gamal song ho «Hastverk» med storbandet og enda på ein 3. plass. Vinnaren blei kåra av ti distriktsjuryar med 150 medlemmar. Kvar medlem gav eitt poeng til favorittsongen sin, og den klare vinnaren blei «Mata Hari» framført av Gudny Aspaas og Anne-Karine Strøm.

Resultatet endre

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Hastverk» Jahn Teigen Anita Skorgan Kristian Hauger og Hans Hauger 226 3
B «Alltid en vind» Gudny Aspaas og Jahn Teigen Dag Spantell, Anne Lise Gjøstøl, Gro Anita Schønn og Stein Ingebrigtsen Tor Hultin og Bjørn Endreson 147 4
C «Du fikk meg glad» Gudny Aspaas Hans Petter Hansen Magne Amdahl og Kjell E. Vindtorn 131 5
D «Voodoo» Gudny Aspaas og Jahn Teigen Inger Lise Rypdal og Jahn Teigen Terje Rypdal 351 2
E «Mata Hari» Gudny Aspaas Anne-Karine Strøm Frode Thingnæs og Philip A. Kruse 643 1

Avstemming endre

NRK hadde oppretta ti regionale juryar, kvar med 150 medlemmar. Kvar jurymedlem hadde eitt poeng å gi til favorittsongen sin. Uvisst kvifor gav Bergen-juryen berre 148 røyster. Publikum i Studio 1 var juryen i Oslo.[1]

Nr. Tittel Vadsø Tromsø Bodø Trondheim Ålesund Bergen Stavanger Kristiansand Lillehammer Oslo Totalt
A «Hastverk» 13 19 12 21 36 41 11 48 21 4 226
B «Alltid en vind» 9 20 14 10 18 21 15 14 6 20 147
C «Du fikk meg glad» 13 12 12 5 20 7 7 33 13 9 131
D «Voodoo» 31 27 31 47 23 25 29 17 71 50 351
E «Mata Hari» 84 72 81 67 53 54 88 38 39 67 643

Skjelettdrakt-sjokket endre

Sjølv om Anne-Karine Strøm vann, var det Jahn Teigen som stakk av garde med det meste av merksemda etter finalen. Grunnen var skjelettdrakta han hadde på seg under framføringa av «Voodoo». Valet av kostyme skapte stor furore blant tv-sjåarane og pressa, noko som overraska Teigen sjølv. Seinare har skjelettdrakta blitt eit kjent innslag i Melodi Grand Prix-historia – faktisk så kjent at hendinga blei vigd eit heilt pauseinnslag 40 år seinare, i Melodi Grand Prix 2016.[2]

For Teigen førte oppstyret til at Toralv Maurstad tilbaud han ei rolle i «Rocky Horror Show». «Jeg sluttet i Popol Ace og startet for alvor opp som soloartist. For rockens del tror jeg det også må ha hatt en betydning. Den sjokkeffekten drakta hadde, opplever du jo ikke i dag. Og norsk rock var litt snillere i tida før denne drakta.» sa Jahn Teigen sjølv til Dagbladet i 2005.[3] Drakta har seinare blitt etterlikna og kopiert fleire gongar, mellom anna av skiløparen Thomas Alsgaard, som ville hylle Teigen.[4]

Hendingar endre

Heller ikkje dette året blei vinnarlåten nokon slager. Mens VG meinte Noreg endeleg hadde vald ein vinnarlåt med reell sjanse i den internasjonale finalen, var ikkje folket særleg positive.[5] Etter finalen glødde vakttelefonen til avisa, og kommentarane var mange: «Etter denne møkka gir jeg bort fargefjernsynet mitt hvis dere kommer og henter det.» sa ein mann frå Ålesund. Ei mor fortalde: «Min 6-årige datter bad oss innstendig om å slå av lyden mens Grand Prix gikk på lufta. Hun moret seg mer over bildene.»[6] Også NRK sitt sentralbord blei ringt ned av irriterte tv-sjåarar, og Aftenposten oppsummerte finalen følgjande: «Om mulig verre enn noensinne.»[7]

Fotnotar endre

  1. «Melodi Grand Prix 1976 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 7. februar 1976.
  2. Lisa Thue og Rikke Askersrud (28. februar 2016). «Jahn Teigen: – Jeg blir så rørt». nrk.no (Norsk rikskringkasting). Besøkt 24. juli 2016.
  3. Geir Ramnefjell (5. juli 2005). «Hvor er skjelettet mitt?». Dagbladet. Besøkt 24. juli 2016.
  4. Skjerdingstad, Anders (25. oktober 2012). «Sjekk denne Teigen-hyllesten fra Thomas Alsgaard»Dagbladet.
  5. Brigg, Øivind (9. februar 1976). «Grand Prix-finalen sett fra TV-studio». Verdens Gang. s. 37.
  6. Nilsen, Arve (9. februar 1976). «Grand Prix-finalen slik folk flest så den: «Dette var bånn»». Verdens Gang. s. 37.
  7. «Telefonstorm mot TV». Aftenposten. 9. februar 1976. s. 40.