Mathias Rust (fødd i 1968 i Wedel nær Hamburg i Tyskland) var ein tysk privatflygar som vart verdskjent den 28. mai 1987 då han som 19-åring landa på Den raude plassen i Moskva med eit privatfly.

Mathias Rust

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 1. juni 1968 (56 år)
Wedel
Yrke flygar, pokerspiller, fredsaktivist
Språk tysk
Religion Hinduismen
Mathias Rust på Commons
Kartskisse som viser flyruta til Rust - fra Tyskland til Island, Norge, Finland og så Sovjetunionen
Rusts Cessna 172

Flyet var ein Cessna 172 som han hadde leigd i Hamburg. Rust flaug via Helsingfors. Han gjorde tre landingsforsøk på sjølve plassen før han til slutt landa på ei nærliggande bru og taxa fram til Den raude plassen der han parkerte. Han rakk å gje autografar til nokre forundra moskovittar før han vart arrestert av KGB. Han slapp ut av fengsel etter 432 dagar.

Mikhail Gorbatsjov nytta denn saka til å reinska ut og finna syndebukkar. Både forsvars- og luftforsvarsministrane vart avsett og bytt ut med ministrar som hadde eit meir positive tilhøvet til glasnost og perestrojka.

Rust sat 18 månader i sovjetisk fengsel for sitt flyeventyr. Han fekk ingen karriere som yrkesflyger og arbeidde seinare på eit sjukehus i Rissen i Tyskland, der han vart forelska i ein sjukepleier, og stakk ho med kniv då han vart avvist. For dette fekk han to og eit halvt års fengsel, frå 1991 til 1993. Deretter arbeidde han som skoselgjar i Moskva.

Han opplyste i eit avisintervju i 1997 at han hadde konvertert til hinduismen og skulle gifta seg med ei indisk kvinne.

I 2003 etablerte Rust ei tankesmie for innverknadsrike personar. Firmaet kalla han Orion & Isis som var innretta på å løysa konfliktar og finna fredelege løysingar mellom statar, etniske og religiøse grupperingar. Det er ikkje kjent om Rust fekk nokon oppdrag som konfliktløsyea.

Han har sidan 2004 budd i Tyskland med si andre kone Athena og livnærte seg i 2008 som profesjonell pokerspelar.[1]

I populærkultur

endre

I den norske romanen og spelefilmen Mannen som elska Yngve (2008) dannar hovedrolleinnhaverne eit band som kallar seg Mathias Rust Band. Bandet består eigenleg av manusforfattar Tore Renberg og gitarist Geir Zahl frå Kaizers Orchestra.[2]

Flyturen til Mathias Rust er òg utgangspunktet for songen «Det umulige e mulig» som vart gjeven ut av D.D.E. i 1993. Teksta vart opphavleg skrive av Idar Lind til UKErevyen i Trondheim i 1987.

Referansar

endre
  1. Bild
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. februar 2012, henta 1. november 2017 

Bakgrunnsstoff

endre