Mathias Rye
Mathias Andreas Rye (5. juni 1814–13. september 1878) var ein norsk sakførar, embetsmann og stortingsmann.
Mathias Rye | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. juni 1814 |
Død |
13. september 1878 (64 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Rye var fødd i København i Danmark, der faren Johan Henrik Rye, då oppheldt seg. Han vart student i 1831, cand. jur. i 1836. Frå 1832 arbeidde han som kopist i finansdepartementet, som fullmektig frå 1841. År 1843 vart han stiftsoverrettsprokurator, tre år seinare høgsterettsadvokat. I 1860 vart han sorenskrivar i Ringerike og byskrivar i Hønefoss. Dette embetet hadde han til han i april 1878 tok avskjed.
Rye var 4. representant for Buskeruds amt på Stortinget 1868-69. På tinget var han medlem av protokollkomiteen.
Rye døydde hausten 1878 i Hønefoss. Olaf Rye var ein onkel, Niels Rye eit syskjenbarn.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Mathias Rye NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv