Johan Henrik Rye

norsk politikar

Johan Henrik Rye (1. november 178714. juli 1868) var ein norsk jurist og politikar.

Johan Henrik Rye

Fødd1. november 1787
Bø kommune
Død14. juli 1868 (80 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkejurist, politikar
Alle verv

Rye var fødd i Bø i Telemark. Folketeljinga 1801 viser at han og ein eldre bror då losjerte hos ein lærar på katedralskulen i Kristiania.[1] Tre år seinare gjekk han ut frå katedralskulen som student. År 1808 vart han fenrik ved marineregimentet i København. Han tok eksamen ved krigsskulen i 1809 og juridisk embetseksamen 1812. Frå 1809 til 1814 var han premierløytnant ved Københavns infanteriregiment; han vart då innvilga avskjed som dansk offiser.

Same året, 1814, vart han auditør ved Fredriksvern verft. Frå 1816 var han ekspedisjonssekretær i marinedepartementet, frå 1822 i finansdepartementet.

Rye vart byfut og sorenskrivar i Larvik i 1828. Deretter amtmann i Jarlsberg og Larvik amt frå 1831 til 1833. Etter dette var han høgsterettsassessor. I 1844 var han med å stifte Den norske livrenteforening, laga sjølv planen.

Rye var medlem av fleire kongelege kommisjonar. Den fyrste var ein om formannskapslova, 1833-34. Lengst sat han i lovkommisjonen, 1835-43, i den tida var han permittert frå høgsterett. Elles var han med og såg på den militære straffelova (1858), embetsverket for Kristiania (1858), og ei pensjonslov (1852). I den siste kommisjonen var han formann.

Rye vart vald til Stortinget frå Christiania i 1836, gjenvald både i 1839, 1842 og 1845. 1836 var han president i Lagtinget, 1836-37 var han stortingspresident saman med Søren Anton Wilhelm Sørenssen. På alle fem stortinga var han formann i budsjettkomiteen og medlem av Lagtinget. I 1845 var han medlem av riksretten. Mangeårig, 1837-66, medlem av bystyret for Kristiania.

Perioden 1844 til 1866 var Rye byskrivar i Kristiania.

I 1847 vart Rye utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, i 1864 kommandør av same. Han vart også tildelt den danske Dannebrogordenen og den svenske Nordstjerneordenen.

Han døydde i Kristiania i 1868. Mathias Rye var sonen hans, Olaf Rye var bror hans.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 15. mai 2010