Maudheimekspedisjonen

(Omdirigert frå Maudheim-ekspedisjonen)

Maudheimekspedisjonen (òg kalla Den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjon, forkorta NBSX eller NBSAE) var namnet på ein norsk-britisk-svensk ekspedisjon til Antarktis under leiing av John Giæver i perioden 1949-1952. Ekspedisjonen vart finansiert og organisert av ein komité av britiske, svenske og norske ekspertar, med professor Harald Ulrik Sverdrup som formann og var den første verkelege internasjonale vitskaplege ekspedisjonen til Antarktis.[1] Store delar av det vestlege Dronning Maud Land vart kartlagt og ekspedisjonen vart ein modell for seinare ekspedisjonar til Antarktis.

Namnet på ekspedisjonen kjem frå overvintringsstasjonen Maudheim (71°03'S, 10°55'V) som vart oppretta i samband med ekspedisjonen. Fleire depot og hytter for overnatting og oppbevaring av utstyr vart reist. Frå desse basane vart det gjort utalde turar, den lengste varte i åtti dagar. Tre av ekspedisjonsmedlemmene omkom 24. februar 1951 då dei under ein testtur med ein overhalt Weasel vart overraska av tåke. Køyretøyet hamna i vatnet då dei for seint oppdaga at over hundre meter av isbremmen hadde kalva. Berre fotografen Stig Hallgren overlevde ulukka, då han etter 13 timar drivande på eit isflak vart redda av kollegaene sine.[2]

Alle ekspedisjonsmedlemmane mottok Maudheimmedaljen.

Ekspedisjonsmedlemmane endre

Namn Funksjon Nasjonalitet Merknader
John Giæver Ekspedisjonsleiar frå Norsk Polarinstitutt   Noreg
Valter Schytt Glasiolog og nestkommanderande   Sverige
Gordon de Quetteville Robin Fysikar   Australia
Nils Jørgen Schumacher Meteorolog   Noreg
Ernest Frederick Roots Geolog   Canada
Ove Wilson Lege   Sverige
Gösta H. Liljequist Meteorolog   Sverige
Nils Roer Topograf   Noreg
Alan Reece Geologisk assistent   Storbritannia
Charles Swithinbank Glasiologisk assistent   Storbritannia
Egil Rogstad Radiosjef   Noreg
Bertil Ekström Mekanikar   Sverige Omkom 24. februar 1951
Peter Melleby Mekanikar og hundekøyrar   Noreg
Leslie Quar Radiomann   Storbritannia Omkom 24. februar 1951
John Snarby Stuert   Noreg Avreiste januar 1951
John Jelbart Fysikar   Australia Kom januar 1951. Omkom 24. februar 1951
Stig Hallgren Fotograf   Sverige Kom januar 1951
Bjarne Lorentzen Stuert   Noreg Kom januar 1951

Sjå òg endre

Kjelder endre

Litteratur endre

  • John Giæver (1952). Maudheim. To år i Antarktis. Oslo: Gyldendal. 

Bakgrunnsstoff endre