Mein Herze schwimmt im Blut

Mein Herze schwimmt im Blut, BWV 199, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Mein Herze schwimmt im Blut
BWV 199
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1714
Urframføring12. august 1714
Publiseringsdato1912
Satsar/akter6

Han vart komponert i Weimar i 1714 for den ellevte sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt 1718-1722 i Köthen og 8. august 1723 i Leipzig.

Teksten er skriven av Georg Christian Lehms (sats 1-5) og Johann Heermann (sjette sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Wo soll ich fliehen hin / Auf meinen lieben Gott». Melodien er basert på ein verdsleg song av Jacob Regnart (1540{?} - 1599) med tittelen «Venus, du und dein Kind seid alle beide blind». Denne fanst i samlinga Kurtzweilige teutsche Liedlein / nach Art der Neapolitanen oder welschen Villanellen frå Nürnberg i 1574.

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for to fiolinar, bratsj, obo, fagott, bass continuo, samt ein songsolist (sopran) og firedelt kor.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre