Meitemakk

familie av leddmakkar
Meitemakk


Stor meitemakk, Lumbricus terrestris
Stor meitemakk, Lumbricus terrestris

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Annelida
Klasse: Clitellata
Underklasse: Oligochaeta
Orden: Haplotaxida
Vitskapleg namn
Lumbricidae

Meitemakk og beitemakk (eller -mark) er leddmakkar som lever i jorda. Dei høyrer til familien Lumbricidae og det er over 6000 ulike artar. Meitemakkar grev seg gjennom jorda, noko som drenerer og lufter henne, og er viktig for jordkvaliteten.

SkildringEndra

 
Meitemark
pro, pre - munnen, hovudenden
mg - hannlege kjønnsorgan
cli - belte
se - børsterekker
sg - segment
peri - haleenden

Meitemakkar har ikkje auge, men lysømfintlege celler (fotoreseptorar) i huda, særleg på fremre delen av kroppen. Han pustar med huda.

LevevisEndra

Meitemakken lever av organisk materiale, som rotnande planterester. Dei dreg med seg dødt lauv ned under bakken, og er dermed med på å tilføra jorda ekstra næringsstoff. Makkane grev og lager gangar som gjer at det kjem luft ned i jorda, noko som er nyttig for plantane som veks der. Meitemakkar trivst best i feit, fin matjord, men dei finst nesten overalt, også i ganske sandhaldig eller sur skogsjord.

Norske arterEndra

Det er 11 artar av meitemakk i Noreg. Den lengste kan bli 30 cm.

  • Stubbemeitemakk (Dendrobaena rubidus)
  • Mosemeitemakk (Dendrobaena octaedra)
  • Grøn meitemakk (Allolodophora clorotica)
  • Skogmeitemakk (Lumbricus rubellus)
  • Stor meitemakk (Lumbricus terrestis) - den største norske arten, kan bli omtrent 30 cm lang.
  • Blå meitemakk (Octolasion cyaneum)
  • Rose meitemakk (Aporrectodea rosea)
  • Lang meitemakk (Aporrectodea longa)
  • Grå meitemakk (Aporrectodea caliginosa)
  • Kompostmeitemakk (Eisenia foetida)
  • Bekkemeitemakk (Eiseniella tetraedra)

KjelderEndra

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.