Melaine Walker
Melaine Walker (fødd 1. mars 1983) er ein jamaicansk friidrettsutøvar frå Kingston som vart olympisk meister på 400 meter hekk i 2008 og året etter verdsmeister i same øvinga. I 2011 vann ho VM-sølv i spesialøvinga.
Melaine Walker | |
Statsborgarskap | Jamaica |
Fødd | 1. mars 1983 (41 år) Kingston på Jamaica |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Samveldeleikane 2006 |
Aktiv
endreWalker fekk sitt store gjennombrot då ho under Sommar-OL 2008 i Beijing vann finalen på 400 meter hekk med tida 52,64 sekundar, eit heilt sekund framom sølvvinnaren. Året etter vann ho gullmedaljen på langhekken under VM i friidrett 2009 i Berlin, halvsekundet framfor Lashinda Demus. Etter eit perfekt disponert løp vart vinnartida 52,42 sekundar, den nest beste i øvinga nokon gong. To år seinare var rollene omsnudd, Demus vart verdsmeister i Daegu gjennom sitt aller beste langhekkløp, Walker tok sølvet etter 52,73 sekundar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2001 i Edmonton: Utslått i forsøka (57,10)
- VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane (54,54 =nr 10)
- OL 2008 i Beijing: Gullmedalje - 52,64, framom Sheena Johnson (53.70)
- VM 2009 i Berlin: Gullmedalje - 52,42, framom Lashida Demus (52,96)
- VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje - 52,72, bakom Lashida Demus (52,47)
- OL 2012 i London: Utslått i semifinalane (55,74 =nr 14)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Melaine Walker» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2015.