Kalkunar
slekt av store fasanfuglar
(Omdirigert frå Meleagrididae)
Kalkunar (Meleagris) er ei biologisk slekt av to store artar av nolevande hønsefuglar. Ein art, kalkun, Meleagris gallopavo, òg kjent som villkalkun, har naturleg leveområde i skog i Nord-Amerika og Mellom-Amerika. M. gallopavo er same arten som tamkalkun, opphavleg domestisert frå ein underart i sørlege Mexico. Den andre arten, M. ocellata, kjent som flekkalkun, lever i skogshabitat på Yucatán-halvøya.
Kalkunar | |
«Villkalkun», Meleagris gallopavo | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Familie: | Fasanfamilien Phasianidae |
Underfamilie: | Meleagridinae |
Slekt: | Kalkunar Meleagris Linnaeus, 1758 |
Kalkunar er klassifisert i fasanfamilien og taksonomisk orden Galliformes, hønsefuglar.
- Arten kalkun, M. gallopavo, har vengespenn på 1,5 til 1,8 meter og er dei klårt største fuglane i opne skogar i leveområdet. Som hos andre hønsefuglar er hofuglen mindre av vekst og er mykje mindre fargerik enn hannfuglen. Hannen har stort, fjørlaust, raudleg hovud og raud hals, kjøttfulle lappar som heng frå undersida av nebbet, og ein kjøttfull utvekst som heng frå oversida av nebbet.
- Flekkalkun, M. ocellata, er mykje mindre fuglar enn arten kalkun. Kroppsfjøra av begge kjønn har ei blanding av bronse og grønt iriserande farger. Begge kjønna hos flekkalkun har blått hovud med noko oransje eller raude knutar, som er mest tydeleg på hannar. Hannane har òg ei kjøttfull blå krone dekt med knutar, nodular.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Turkey (bird)» og «Wild Turkey» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2010, og på «Ocellated_Turkey» den 30. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kalkunar
- Videoar, bilete og lydopptak av kalkunar hos Internet Bird Collection.