Opna hovudmenyen

Melodi Grand Prix 1999

38. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 1999 var den 39. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Åtte finalistar deltok i finalen 27. februar 1999 som blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo. Vinnarlåten blei «Living My Life Without You», skriven og framført av Van Eijk. Han representerte også Noreg i den internasjonale finalen i Jerusalem og kom på 14. plass med 35 poeng.

Melodi Grand Prix 1999
Dato
Finale 27. februar 1999
Vertskap
Finale NRK Marienlyst, Oslo
Programleiarar Rune Gokstad og Øystein Bache
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 8
Vinnar
Song «Living My Life Without You»
Artist Van Eijk
Resultat i Eurovision Song Contest 1999
Finalepoeng 35
Finaleplass 14.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1998 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2000

SendingaEndra

Også dette året blei sendinga halden på NRK Marienlyst med Rune Gokstad og Øystein Bache som programleiarar. NRK hadde igjen invitert komponistar til å sende inn bidrag, og for første gong i ein norsk finale var ingen av finalemelodiane på norsk.

Geir Langslet leia storbandet, og dette var siste gong NRK brukte levande musikk til å akkompagnere songane. Sidan 2000 har all musikk vore ferdiginnspelt. Unntaket var i 2015, då Kringkastingsorkestret var attende for eit år.

Stephen Ackles og Tor Endresen kom attende til tevlinga, medan popartisten Mette Hartmann var førehandsfavoritten. Dei fleste artistane var ukjende, men både Van Eijk og Toril Moe hadde deltatt i talenttevlinga Stjerner i sikte, kor sistnemnde vann sesongen 1997.

Vinnaren blei røysta fram gjennom ein telefonrøysting og ein fagjury. Van Eijk vann tevlinga suverent.

ResultatEndra

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «I'll Be Your Friend» Ingvild, Dag Arnold og Håvard Gryting Håvard Gryting og Anders Moberg Ingvild Gryting 14 6
B «The Night Before the Morning After» Mette Hartmann Stein Berge Svendsen Jan Vincents Johannessen 17 5
C «Untold» Brandth Dag Brandth 7 8
D «Lost Again» Stephen Ackles Kyrre Mosleth og Stephen Ackles Kyrre Mosleth 19 4
E «Stay» Midnight Sons Lars Aass og Bottolf Lødemel 35 2
F «Lover» Tor Endresen Tor Endresen og Kyrre Fritzner Tore Madsen 28 3
G «You Used to Be Mine» Toril Moe Freddy Dahl og Anita Skorgan Freddy Dahl 14 6
H «Living My Life Without You» Van Eijk Van Eijk og Sem 62 1

RøystingEndra

Resultatet blei avgjort av telefonrøyster som blei fordelte på fem regionar. Kvar region gav 1, 2, 3, 5, 7 og 10 poeng. I tillegg var det ein ekspertjury i studio som gav 2, 4, 6, 10, 14 og 20 poeng. Fagjuryen blei leia av Rolf Løvland, og dei andre jurymedlemmane var Gunilla Holm Platou, Jorun Erdal, Erik Nodland og Anders Rogg. Juryen sine røyster hadde dobbel verdi.

Nr. Tittel Tromsø Trondheim Bergen Kristiansand Oslo Ekspertjury Totalt
A «I'll Be Your Friend» 3 1 5 5 14
B «The Night Before the Morning After» 1 1 1 14 17
C «Untold» 1 6 7
D «Lost Again» 2 3 2 2 10 19
E «Stay» 5 7 5 7 7 4 35
F «Lover» 10 3 7 3 3 2 28
G «You Used to Be Mine» 7 5 2 14
H «Living My Life Without You» 2 10 10 10 10 20 62

HendingarEndra

Før finalen truga Stephen Ackles med å trekkje seg frå tevlinga. Årsaka var at NTB hadde kalla han «Elvis-imitator». «Ett sted må grensa gå. Etter alle disse årene er jeg lei av å bli karakterisert som 'Elvis-imitator'. Jeg trekker meg fra finalen i Melodi Grand Prix dersom merkelappen Elvis-imitator blir sittende.» sa Ackles. NTB nekta å orsake karakteristikken, men Ackles gjorde aldri alvor av trugslane om å trekkje seg.[1]

Alle låtane i den norske finalen hadde engelsk tekst, noko som fekk Norsk Målungdom til å oppmode til boikott av tevlinga.[2]

Dette året fungerte telefonrøystinga prikkfritt, og 282 000 nordmenn fekk røysta via telefon. Dette var den mest vellukka telefonrøystinga Telenor hadde hatt til då.[3] Sendinga fekk også ros i pressa. VG kalla finalen for «tidenes beste» og meinte vinnarlåten hadde potensial.[4] Dagbladet meinte vinnarlåten var catchy. «Norge har fått en ny popartist. Denne låta kommer vi langt med i Jerusalem.»[5] Van Eijk fekk også ein stor hit med «Living My Life Without You». Låten låg ti veker på VG-lista med 3. plass som beste notering. Albumet Where I Belong låg 14 veker på albumlista, og Van Eijk blei kåra til Årets mannlege artist under Hit Awards same haust.[6][7]

Den norske finalen blei sett av 1 270 000 sjåarar, det same som året før.[8]

FotnotarEndra

  1. Jakobsen, Ottar (19. januar 1999). «Lei av all mobbingen: Stephen Ackles vurderer å trekke seg fra Grand Prix». Dagbladet. s. 46.
  2. «Etterbørsnotiser». Dagens Næringsliv. 25. februar 1999. s. 49.
  3. «282 000 ringte inn». Verdens Gang. 28. februar 1999. s. 44.
  4. Bakkemoen, Kurt (28. februar 1999). «En vinner med potensial». Verdens Gang. s. 46.
  5. Grønneberg, Anders (28. februar 1999). «MGP 99 Melodi Grand Prix: Den beste låta vant». Dagbladet. s. 41.
  6. «VG-lista for Van Eijk». Verdens Gang. Besøkt 4. august 2016.
  7. NTB Tekst (11. september 1999). «Van Eijk beste norske mannlige artist». Norsk Telegrambyrå.
  8. «TV-toppen». Verdens Gang. 2. mars 1999.