Opna hovudmenyen

Rolf Undsæt Løvland (fødd 19. april 1955) er ein norsk musikar og toneskapar frå Kristiansand. Han er særleg kjend for å ha komponert vinnarmelodiane i Eurovision Song Contest 1985, «La det swinge», og 1995, «Nocturne».

Rolf Løvland
Secret Garden1.jpg
Rolv Løvland og Fionnuala Sherry
Fødd19. april 1955
FødestadKristiansand
OpphavNoreg
Instrumentpiano
Verka somkomponist, dirigent, låtskrivar
PrisarJuryens hederspris i Spellemannprisen, Spellemannprisens bransjepris

Løvland har elles laga fleire andre kjende songar, der «You Raise Me Up» har hatt størst suksess. Han vart i 1995 tildelt juryen sin heiderspris under Spellemannprisen 1985 og bransjeprisen under Spellemannprisen 2007. Saman med irske Fionnuala Sherry danna han musikkduoen Secret Garden.

Programskaparen Rolf Myklebust var morfaren hans.

KjelderEndra