Melodifestivalen 2016
Melodifestivalen 2016 var den 56. gongen Melodifestivalen vart arrangert. 27, opphavleg 28, bidrag deltok i fire semifinalar. To frå kvar semifinale gjekk direkte til finalen, medan to gjekk til andresjansen. Fire av bidraga i andresjansen gjekk vidare til finalen, der totalt tolv bidrag tevla om sigeren. Tevlinga vart leia av Gina Dirawi, saman med Petra Mede i den fyrste semifinalen, Henrik Schyffert i den tredje semifinalen, Sarah Dawn Finer i den fjerde semifinalen, Peter Jöback og Ola Salo i andresjansen og William Spetz i finalen.[1] Charlotte Perrelli skulle opphavleg leie den andre semifinalen, men på grunn av ein avtale med mobilselskapet Comviq var dette eit brot på reglane til Sveriges Television.[2][3]
Semifinale 1
endreDen fyrste semifinalen fann stad 6. februar 2016 i Scandinavium i Göteborg. Programmet vart leia av Gina Dirawi og Petra Mede.
4. februar vart «Himmel för två», framført av Anna Book, diskvalifisert av di songen hadde delteke i O melodie pentru Europa 2014, den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark.[4] Book skal likevel framføre songen, men det vil ikkje vere høve til å røyste på bidraget.[5]
Dirawi og Mede opna programmet med å framføre «Hela Sveriges fest».[6] Saman med Lasse Kronér framførte dei òg «Allt är Eurovisions fel».[6] Tre av medlemmane frå den spanske jentegruppa som representerte Spania i Eurovision Song Contest 2006 i Athen i Hellas, Las Ketchup, framførte 2002-hiten deira, «The Ketchup Song».[6] I programmet vart det syna ein video av Jonas Gardell og hans schlagerskule.[7] Skodespelar Stina Ekblad las opp ein dramatisert utgåve av teksten til songen «Groupie», 2015-bidraget til Samir & Viktor.[8]
# | Artist(ar) | Song | Språk | Låtskrivar(ar) | Røyster | Plass | Resultat | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Runde 1 | Runde 2 | Totalt | |||||||
1 | Samir & Viktor | «Bada nakna» | Svensk | Fredrik Kempe, David Kreuger, Anderz Wrethov | 3 eller 4 | Vidare til andresjansen | |||
2 | Pernilla Andersson | «Mitt guld» | Svensk | Pernilla Andersson og Fredrik Rönnqvist | Ute | 6 | Ute | ||
3 | Mimi Werner | «Ain't No Good» | Engelsk | Mimi Werner, Göran Werner, Marcus Svedin og Jason Saenz | 5 | Ute | |||
4 | Albin & Mattias | «Rik» | Svensk | Albin Johnsén og Mattias Andréasson | 3 eller 4 | Vidare til andresjansen | |||
5 | Anna Book | «Himmel för två» | Svensk | Sven-Inge Sjöberg, Lennart Wastesson, Larry Forsberg og Camilla Läckberg | Diskvalifisert | ||||
6 | Robin Bengtsson | «Constellation Prize» | Engelsk | Bobby Ljunggren, Henrik Wikström, Mark Hole, Martin Eriksson | 1 eller 2 | Vidare til finalen | |||
7 | Ice Wilder | «Don't Worry» | Engelsk | Joy Deb, Linnéa Deb, Anton Hård af Segerstad og Ace Wilder | 1 eller 2 | Vidare til finalen |
Semifinale 2
endreDen andre semifinalen fann stad 13. februar 2016 i Malmö Arena i Malmö. Programmet vart leia av Gina Dirawi.
# | Artist(ar) | Song | Språk | Låtskrivar(ar) | Røyster | Plass | Resultat | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Runde 1 | Runde 2 | Totalt | |||||||
1 | David Lindgren | «We Are Your Tomorrow» | Engelsk | Anderz Wrethov, Sharon Vaughn og Gustav Efraimsson | |||||
2 | Victor och Natten | «100%» | Svensk | Dag Lundberg, Melker og Jesper Lundh | |||||
3 | Molly Pettersson Hammar | «Hunger» | Engelsk | Joy Deb, Linnéa Deb, Lisa Desmond, Anton Hård af Segerstad og Molly Pettersson Hammar | |||||
4 | ISA | «I Will Wait» | Engelsk | Anton Hård af Segerstad, Joy Deb, Linnéa Deb og Nikki Flores | |||||
5 | Krista Siegfrids | «Faller» | Svensk | Krista Siegfrids, Gabriel Alares, Magnus Wallin og Gustaf Svenungsson | |||||
6 | Patrik Isaksson, Tommy Nilsson & Uno Svenningsson | «Håll mitt hjärta hårt» | Svensk | Patrik Isaksson, Tommy Nilsson og Uno Svenningsson | |||||
7 | Wiktoria | «Save Me» | Engelsk | Jens Siverstedt, Lauren Dyson og Jonas Wallin |
Fotnotar
endre- ↑ «Gina Dirawi leder Melodifestivalen 2016» (på svensk). Dagens Nyheter. 17. november 2015. Henta 5. februar 2016.
- ↑ «SVT i krismöte om Charlotte Perrelli» (på svensk). Aftonbladet. 2. februar 2016. Henta 5. februar 2016.
- ↑ «Så blir Charlotte Perrellis nya roll i Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 3. februar 2016. Henta 5. februar 2016.
- ↑ «Anna Books bidrag ”Himmel för två” diskvalificeras från Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 4. februar 2016. Henta 5. februar 2016.
- ↑ «Anna Book sjunger i första deltävlingen i Melodifestivalen 2016 i Göteborg» (på svensk). Sveriges Television. 5. februar 2016. Henta 5. februar 2016.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 «Minut för minut – så blir Melodifestivalen 2016 i Göteborg: Deltävling ett» (på svensk). Sveriges Television. 5. februar 2016. Henta 12. februar 2016.
- ↑ «Gardells schlagerskola gör comeback i Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 22. januar 2016. Henta 12. februar 2016.
- ↑ «Sveriges skådespelarelit hyllar Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 5. februar 2016. Henta 12. februar 2016.