Mesoplodon traversii
Mesoplodon traversii er ein spissnebbkval først oppdaga i 1872.
Mesoplodon traversii | |
Teikna rekonstruksjon av kvalen og eit menneske. | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Datamangel Utbreiinga av Mesoplodon traversii | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Nebbkvalfamilien Ziphiidae |
Slekt: | Mesoplodon |
Art: | M. traversii |
Vitskapleg namn | |
Mesoplodon traversii |
Den blir i dag rekna som verdas mest sjeldsynte kvalart. Ein veit svært lite om arten.[1] Arten har ikkje noko offisielt norsk namn.
Det første funnet av arten var eit kranium i 1872 på New Zealand.
Nok eit kranium vart funne på 1950-talet på White Island òg på New Zealand. Det var først ikkje skildra, men vart seinare rekna med å komme frå ein ginkgo-toothed beaked whale (Mesoplodon ginkgodens)).[2]
I 1986 vart eit øydelagt kadaver funne skylt opp på ei stand på Robinson Crusoe Island utanfor Chile. Kadaveret vart handsama som ein ny art, Mesoplodon bahamondi eller Bahamondespisskval.[3] Sidan dette var ei feilaktig skildring av ein alt eksisterande art er dette namnet ikkje lenger i bruk.
I 2010 stranda det eit mor med unge på New Zealand. I 2012 vart det påvist gjennom DNA-analyse at dei tilhøyrde arten Mesoplodon traversii. Dette var den første virkaplege observasjon av heile dyr. Til no har ein ikkje observert levande dyr.
Økologi og status
endreDenne arten har aldri blitt sett i live, slik at ein kjenner ikkje til korleis den lever. Ein reknar med at den er lik andre mellomstore artar i Mesoplodon, som typisk lever på djupt vatn. Den vil i så tilfelle leve aleine eller i små grupper og leve på blekksprut og små fisk. Ungen blir truleg uavhengig av mora ved eittårsalderen som er det vanlege for dei fleste kvalar.
Kor mange som finst av denne er arten er heilt ukjent, men den er truleg ikkje så mangetallig.
Referansar
endre- ↑ Verdens Gang - Det første bildet: Verdens mest sjeldne hval
- ↑ Baker, Alan N.; van Helden, Anton L. (1999). «New records of beaked whales, Genus Mesoplodon, from New Zealand (Cetacea: Ziphiidae).» (PDF). 'Journal of the Royal Society of New Zealand 29 (3): 235–244. doi:10.1080/03014223.1999.9517594. Henta 6 November 2012.
- ↑ Reyes, J.C.; van Waerebeek, K; Cárdenas J.C. & Yáñez, J.L. (1995): Mesoplodon bahamondi sp.n. (Cetacea, Ziphiidae), a new living beaked whale from the Juan Fernández Archipelago, Chile. Boletin del Museo Nacional de Historia Natural, Chile 45: 31–44.
Bakgrunnsstoff
endre- Perrin, William F.; Wursig, Bernd; Thewissen, J. G. M., red. (2002). Encyclopedia of Marine Mammals. Academic Press. ISBN 0-12-551340-2.
- Reeves, Randall R.; Leatherwood, S. (1994). Dolphins, porpoises and whales: 1994–98 Action plan for the conservation of cetaceans. Gland, Switzerland: IUCN. ISBN 2-8317-0189-9.
- «First ever sighting of rare whale confirmed». CBC News. November 6, 2012.