Metallstjertar

slekt i stammen Lesbiini, «koketter», i underfamilien Lesbiinae i kolibrifamilien

Metallstjertar er ei biologisk slekt Metallura av kolibriar med ni medlemmer som alle lever høgt i Andesfjella frå nordlege Venezuela og Colombia i nord, sørover langs Andesfjella og inn i Santa Cruz-departementet i Bolivia. Slekta er ein del av stammen Lesbiini – «koketter» i underfamilien Lesbiinae.

Metallstjertar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Metallstjertar Metallura
Gould, 1847
Bekmetallstjert, Metallura phoebe
Bekmetallstjert, Metallura phoebe

Skildring

endre

Metallstjertar er små kolibriar med korte nebb, totalt rundt 11 centimeter i kroppslengd medrekna nebbet. Autor gav slekta namnet Metallura fordi dei merka seg at halefjørene har ein metallisk glans i lilla og grøn farge eller med koparglans.[1] Samanlikna med systergruppa nålkolibriar, er metallstjertar mindre, men nålkolibriar har dei spinklaste nebba.[2]

I Peru lever seks metallstjertartar, i Ecuador fire, i Colombia tre og landa i ytterkantane, Venezuela og Bolivia, har begge to artar. Purpurstrupemetallstjert er endemisk for Ecuador, tre artar er endemiske for Peru: lavametallstjert, glostrupemetallstjert og bekmetallstjert.[3] I motsetnad til andre metallstjertartar i Peru er bekmetallstjerten utbreidd langs den vestre og tørre sida av Andes.[1]

Andesmetallstjert, Metallura tyrianthina, er arten med størst mangfald innanfor arten og med vidaste utbreiingsområde som òg dekker den vidaste utbreiinga for slekta samla sett. Det er lista totalt sju underartar av andesmetallstjert medrekna nominatforma, og fleire av desse har særmerkte farger i fjørdrakta.[3] Arten er representert med isolerte leveområde i kystfjella ved Caracas i nordlege Venezuela, i Sierra Nevada de Santa Marta, Colombia, i Sierra de Perijá i grenseområdet mellom dei to landa og ein isolert bestand i Andesfjella i Venezuela og nordaustlege Andes i Colombia. Vidare finst arten langs Andes gjennom Colombia, Ecuador, Peru og til Santa Cruz i sentrale Bolivia.[4] Den sterkt truga perijametallstjert, Metallura iracunda, har det snevraste utbreiingsområdet i slekta, han finst berre i eit område på mindre enn 3 100 km2 i Sierra de Perijá med ein minkande populasjon på færre enn 50 000 individ.[5]

Galleri

endre

Artslista

endre

Oreadar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[3] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[7]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Schulenberg, T.S. and Stotz, D.F. and Lane, D.F. and O'Neill, J.P. and Parker, T.A. and Egg, A.B. (2010). Birds of Peru: Revised and Updated Edition. Princeton Field Guides. Princeton University Press. s. 244. ISBN 9781400834495. 
  2. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, s. 285, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  3. 3,0 3,1 3,2 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. mai 2023. 
  4. Heindl, M., P. F. D. Boesman, and G. M. Kirwan (2023). Tyrian Metaltail (Metallura tyrianthina), version 1.1. In Birds of the World (B. K. Keeney, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.tyrmet1.01.1
  5. BirdLife International (2023) Species factsheet: Metallura iracunda. Henta 22. mai 2022
  6. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. mai 2023. 
  7. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Metallstjertar