Seglarfuglar

fugleorden
Seglarfuglar
Rubinstrupekolibri Archilochus colubris
Rubinstrupekolibri
Archilochus colubris
Utbreiing
Utbreiinga av seglarfuglar
Utbreiinga av seglarfuglar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Peters, 1940

Seglarfuglar (Apodiformes) er ein biologisk orden av tre familiar, seglarar, treseglarar og kolibriar med vitskaplege namn Apodidae, Hemiprocnidae og Trochilidae høvesvis. Med nesten 450 identifiserte artar so langt, er dette den mest talrike orden av fuglar etter Passeriformes.

SkildringEndra

Som det latinske namnet på denne ordenen viser til ( «utan føter» på latinsk), er beina små og har avgrensa funksjon bortsett frå til å kvile på. Føtene er dekt med berr hud i staden for skjel som andre fuglar har. Eit anna felles kjenneteikn er lange venger med kort, kraftfullt overarmsbein, humerus. Evolusjonen av desse vengekjenneteikna har gjeve kolibriar ideelle venger for å 'stille' i lufta.

Dei tre familiane deler andre anatomiske likskapar med kvarandre. Dei deler dessutan likskapar med dei mest sannsynlege slektningane, uglesvalene, spesielt med omsyn til kranium. Uglesvalene er har tilsynelatande konvergerande evolusjon med dei nært slekta natteramnar, Caprimulgiformes, som dannar ein klade Cypselomorphae med Apodiformes.

Taksonomiske endringarEndra

2016

Taksonomien av ordenen Apodiformes for seglarar og kolibriar, samt ordenen Caprimulgiformes for froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar, blir for tida endra av taksonomiske autoritetar. Revisjonen av The Clements Checklist of Birds of the World, (eBird/Clements Checklist v2016), frå august 2016 har allereie iverksett ei endring slik at seglarar og kolibriar går inn i Caprimulgiformes.[1] Apodiformes går ut som takson og Caprimulgiformes blir den største ordenen nest etter sporvefuglar med 580 artar.

2021

Ordenen Apodiformes er ein del av taksonomien i IOC-lista. Etter 11.2 revisjonen i 2021 er natteramnar einaste familien i Caprimulgiformes.

FamiliarEndra

  • Treseglarfamilien, Hemiprocnidae: Dette er fire insektetande artar av seglarfuglar knytt til skogshabitat, India og Søraust-Asia via Indonesia til Ny-Guinea og Salomonøyane. Frå 15 til 30 cm i lengd.
  • Seglarfamilien, Apodidae: Små, insektetande fuglar som er særs godt tilpassa eit liv i lufta, meir enn 110 artar spreidd i alle tropiske til tempererte område.
  • Kolibrifamilien, Trochilidae: Kolibriar er endemisk til Amerika. Dette er særs små og fargeglinsande, nektaretande fuglar som kan sveve, 'stille', i lufta med 15 til 80 vengeslag i sekundet. Kolibriar er ein stor familie på ca. 360 medlemmar.

KjeldeEndra

  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016