Metatese
Metatese viser til at to delar byter plass innan eit heile. Omgrepet blir brukt innan språkvitskap, der det viser til at fonem byter plass i eit ord, og i kjemi, der delar av stoff i ein reaksjon byter plass i endeproduktet.
Metatese i kjemi
endreEin generell metatesereaksjon kan skrivast slik:
- A-B + C-D → A-D + C-B
Ein slik reaksjon kan til dømes skje mellom to uorganiske salt når eitt produkt er uløyseleg i vatn, til dømes:
I organisk kjemi er ein av dei viktigaste nye reaksjonane olefinmetatese, som ofte berre blir kalla 'metatese', og den liknande alkynmetatesen. I olefinmetatesen får ein metallkatalysator to delar av eit olefin til å bytta plassar, til dømes:
Metatese i språk
endreDen vanlegaste forma for metatese i språk er når to fonem ved sida av kvarandre byter plass, som me kan sjå i dei norske orda «kors» og «kross»,[1] eller det norrøne/gammalsaksiske hross for hest, som er blitt til horse på nyare engelsk.[2] Det finst døme på ord som er utvikla gjennom metatese i mange språk. Nokre språk bruker til og med fenomenet som ein integrert del av språket.
I det austafrikanske språket fur vil eit verb som byrjar med ein konsonant mista denne eller gå gjennom metatese med vokalen ved sida dersom eit pronomen uttrykt ved ein konsonant (til dømes /j-/, andre person eintal eller /k-/ første person fleirtal) blir stilt føre det. Døme:
- lem- (slikka) + K → K-elm-
- ba- (drikka) + K → K-ab-
- tuum- (byggja) + K → K-utum-
Metatese blir òg brukt som humor, til dømes ved at ein «bakkar snakkvendt» ved eit uhell eller med vilje.
Fenomenet er vanleg hjå ungar som til dømes kan seia «stølvar» heller enn «støvlar».
Kjelder
endre- ↑ «kors» i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
- ↑ «horse, n.». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005. (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
Bakgrunnsstoff
endre- Fleire metatesedøme frå fur Arkivert 2005-11-07 ved Wayback Machine. (engelsk)