Methicillin-resistente gule stafylokokkar

gruppe grampositive kulebakteriar i normalfloraen som skil seg genetisk frå andre gule stafylokokkar, som er motstandsdyktige mot meticillin eller andre β-laktamantibiotikum, og som kan føre til alvorleg infeksjonssjukdom

Methicillin-resistente gule stafylokokkar (avstytt MRSA etter vitskapleg artsnamn S. aureus) er gule stafylokokkar (Staphylococcus aureus) som toler methicillin og mange andre antibiotikum.[1] Methicillin er ikkje lenger nytta klinisk og er heller ikkje lenger produsert kommersielt, men MRSA-bakteriar er òg resistente mot alle antiobiotikum basert på β-lactam, utanom den siste generasjonen av kefalosporin.[2]

Elektronmikroskopbilete av ein nøytrofil granulocytt som tek til seg MRSA-bakteriar

Methicillin vart introdusert i 1959, og året etter, i 1960, vart dei fyrste tilfella av methicillin-resistens rapporterte frå eit sjukehus i Guildford nær London.[2] Før 1990 var dei fleste MRSA-bakteriane knytte til sjukehus (på engelsk avstytt HA-MRSA), men etter kvart vart menneske òg smitta av MRSA utanfor helseinstitusjonar (på engelsk avstytt CA-MRSA). I tillegg finst det MRSA-bakteriar knytte til storfe (på engelsk avstytt LA-MRSA).[3]

Kjelder endre

  1. «MRSA» av Tone Tønjum i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 3. januar 2017.
  2. 2,0 2,1 Peacock, Sharon J.; Paterson, Gavin K. (juni 2015). «Mechanisms of Methicillin Resistance in Staphylococcus aureus». Annual Review of Biochemistry. doi:10.1146/annurev-biochem-060614-034516. Arkivert frå originalen 25. juli 2020. 
  3. Wendlandt, Sarah; Schwarz, Stefan; Silley, Peter (februar 2013). «Methicillin-Resistant Staphylococcus aureus: A Food-Borne Pathogen?». Annual Review of Food Science and Technology. doi:10.1146/annurev-food-030212-182653. [daud lenkje]
  Denne biologiartikkelen som har med medisin å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.