Metrosideros kermadecensis

Metrosideros kermadecensis
Metrosideros kermadecensis
Metrosideros kermadecensis
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Underfamilie: Myrtoideae
Stamme: Metrosidereae
Slekt: Metrosideros
Art: M. kermadecensis
Vitskapleg namn
Metrosideros kermadecensis

Metrosideros kermadecensis, på engelsk også kjend som Kermadec pōhutukawa og New Zealand Christmas bush,[1] er eit eviggrønt tre i myrtefamilien som berre veks på dei vulkanske Kermadecøyane rundt 900 km nordaust for New Zealand.

Arten er det dominerande treet på Raouløya, der det kan bli 15 meter eller høgare. Stammen kan bli 1 meter eller meir i diameter. Treet har iaugefallande raude blomar danna av ei mengd støvberarar. Det liknar mykje på newzealandsk pōhutukawa, og blir ofte forveksla med denne slektningen. Skilnaden er at M. kermadecensis har mindre, meir ovale blad og blomstrar året rundt. Det liknar også Metrosideros polymorpha frå Hawaii.

Dyrking endre

 
M. kermadecensis på New Zealand

Metrosideros kermadecensis er mykje dyrka på New Zealand og finst forvilla på Hawaii. Det finst ei variegert form som blir mykje brukt i hagar. Treet er lett å dyrka frå friske frø og frå skot frå bakken. Det kan hybridisera med pōhutukawa (M. excelsa).

Kjelder endre

  1. Lord Howe Island Weed Management Strategy 2016 (PDF), 2016, arkivert frå originalen (PDF) 24. mars 2018, henta 4 January 2017 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Metrosideros kermadecensis