Mette Kongshem (fødd 7. mai 1941 i Oslo) er ein tidlegare norsk diplomat, ambassadør og politikar i Høgre. Ho har vore norsk ambassadør til Tsjekkia og landa i Sentral-Asia.

Mette Kongshem
Statsborgarskap Noreg, Turkmenistan
Fødd 7. mai 1941 (83 år)
Yrke politikar, diplomat
Politisk parti Høgre

Utdanning og karriere

endre

Kongshem er cand.mag. frå Universitetet i Oslo frå 1973 og var tilsett i Utanriksdepartementet frå 1974 til 2010.[1] Kongshem har også vore stasjonert ved den norske SN-delegasjonen i New York, statssekretær i Handels- og skipsfartsdepartementet 1981–1983, ambassaderåd ved den norske ambassaden i Washington, D.C. 1984–1990, avdelingsdirektør i Utanriksdepartementet 1990–1996, norsk ambassadør i Tsjekkia 1996–1999[2], ekspedisjonssjef i Utanriksdepartementet 1999–2002 og norsk ambassadør i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i Wien 2002–2007.[3][1][4] Frå 2006 var ho norsk ambassadør i landa i Sentral-Asia.[1][5][6][7]

Utmerkingar

endre

Kongshem er riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden frå 1998, kommandør av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen og innehavar av fleire utanlandske ordenar.[1]

Kjelder

endre