Metzad (hebraisk skrift מיצד), òg Asfar, er ei israelsk busetjing og ein haredisk fellesbusetnad i Gush Etzion-blokka på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg sør for Betlehem og aust i Judeafjella, 14,5 km frå Den grøne linja, utafor israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda. I 2010 hadde Metzad eit folketal på 401.[2] Han vart grunnlagd i 1984.

Metzad
מיצד, Asfar
landsby
Land  Palestina
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°35′9.05″N 35°11′14.05″E / 31.5858472°N 35.1872361°E / 31.5858472; 35.1872361
Folketal 410  (2011[1])
Grunnlagd 1984
Kart
Metzad
31°35′09″N 35°11′14″E / 31.585847222222°N 35.187236111111°E / 31.585847222222; 35.187236111111
Wikimedia Commons: Meitzad

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]

Historie endre

Metzad vart grunnlagd i 1984 av immigrantar frå USA, Storbritannia, Sør-Afrika og Frankrike. Busetjinga vart bygd ved ein paramilitær Nahal-utpost kalla Nahal Asfar, som vart oppretta i 1983.

Metzad er den sørlegaste busetjinga i Gush Etzion-blokka, og ein av tre harediske busetjinga i lag med Betar Illit og Ma'ale Amos.

Kjelder endre

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 9. oktober 2014. 
  2. Gush Etzion Communities
  3. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 

Bakgrunnsstoff endre