Mevo Beitar
Mevo Beitar (hebraisk מְבוֹא בֵּיתָר) er ein moshav shitufi sentralt i Israel. Han ligg 10 km sørvest for Jerusalem i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2007 var folketalet 327.[treng kjelde]
Mevo Beitar | |||
מְבוֹא בֵּיתָר | |||
landsby | |||
Namneopphav: Beitarporten | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Jerusalemkorridoren | ||
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Kommune | Mateh Yehuda | ||
Koordinatar | 31°43′20.64″N 35°6′24.11″E / 31.7224000°N 35.1066972°E | ||
Folketal | 327 (2007) | ||
Grunnlagd | 24. april 1950 | ||
• Grunnlagd av | Beitar-medlemmar | ||
Tilhøyrsle | Mishkei Herut Beitar | ||
Mevo Beitar 31°43′21″N 35°06′24″E / 31.7224°N 35.106697222222°E | |||
Kart som viser Mevo Beitar.
| |||
Wikimedia Commons: Mevo Beitar |
Landsbyen vart grunnlagd den 24. april 1950 av innfødde israelarar og emigrantar frå Argentina, som var medlemmar av Beitar-rørsla, inkludert Matityahu Drobles, seinare eit medlem av Knesset. Han ligg kring ein kilometer frå Den grøne linja, og var ein grensebusetnad fram til seksdagarskrigen.
Busetnaden vart grunnlagd på landområdet til den avfolka palestinsk landsbyen Qabu.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mevo Beitar» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, ISBN 0-88728-224-5
- ↑ Khalidi, 1992, s.308