Miáo 苗 er namnet på ei folkegruppe frå Søraust-Asia. I Folkerepublikken Kina, der dei fleste av dei bur, kallast dei Miáo, i Vietnam mèo eller h'mông, Thailand แม้ว (maew) eller ม้ง (mong), og i Burma mun lu-myo. I Kina vert dei rekna til dei 55 offisielt anerkjende minoritetsfolka.

Trommedans under ei framsyning

I Kina held dei til i provinsane Guizhou, Hunan, Yunnan, Sichuan, Guangxi, Hainan, Guangdong og Hubei. Frå Kina var det for fleire hundre år sidan ei utvandring sørover, til Søraust-Asia. Etter den kommunistiske maktovertakinga i Laos i 1975 flykta store grupper hmong/mong til ei rekkje vestlege land, særleg til USA, Frankrike og Australia.

Dei fleste miaofolk bur i Kina. Miaobefolkninga har ifølge offisielle tal vakse slik:

  • 1953: 2 510 000
  • 1964: 2 780 000
  • 1982: 5 030 000
  • 1990: 7 390 000

3 600 000 av dei, det vil seie halvparten, budde i Guizhou i 1990.

Det er også 2 millionar miaofolk utanfor Folkerepublikken Kina, særleg i Vietnam, Laos, Myanmar, Thailand, Taiwan, Kambodsja og på andre kontinent.

Kjelder

endre

.