Michelangelo Rossi

italiensk barokk-komponist, fiolinist og organist

Michelangelo Rossi (ca. 1601/1602-7. juli 1656) var ein viktig italiensk komponist, fiolinist og organist under barokken.

Michelangelo Rossi
Fødd1601
FødestadGenova
Død7. juli 1656 (55 år)
DødsstadRoma
AliasMichel Angelo del Violino
Sjangeropera
Instrumentfiolin, orgel
Verka somorganist, komponist

Rossi var fødd i Genova, der han studerte med onkelen sin, Lelio Rossi, som var organist (frå 1601 til 1638), ved Katedralen i San Lorenzo. Kring 1624 flytta han til Roma for å koma inn i tenesta til kardinal Maurizio av Savoia. Det var der han møtte madrigalkomponisten Sigismondo d'India og klaverkomponisten Girolamo Frescobaldi.

Rossi sine to madrigal-bøker, som fyrst er funne av forskinga attrelativt nyleg, blei truleg skrivne i denne perioden. Madrigalproduksjonen til Rossi frå denne perioden er bemerkelsesverdig kromatisk, med eit nivå som berre matchar med musikk frå eksperimentelle komponistar som Carlo Gesualdo. Årsaka til at Rossi blei sagt opp av kardinalen i 1629, etter eit kort opphald i Torino, er uklar.

Frå 1629 til 1632 var Rossi organist i kyrkja San Luigi dei Francesi. Den fyrste operaen til Rossi som er kjent er datert til den andre perioden av den romerske tenesta hans, medan han var i teneste hjå rikmannen Taddeo Barberini. Operaen hans Erminia sul Giordano hadde premiere under karnevalet i 1633 på teateret i Palazzo Barberini (Rossi sjølv spelte violin på scenen som solguden Apollo), og dukka opp i trykka form fire år seinare.

I 1634 forlet Rossi Roma for å ta teneste hjå hertugen av Modena, Francesco I d'Este. Ein annan opera av han, Andromeda (libretto av Ascanio Pio di Savoia), blei urframført i Ferrara i 1638.

I 1648 var Rossi kome tilbake til Roma, og frå 1649 til 1655, som kammertenar (cameriere extra muros) for pave Innocens X budde han i hoffpalasset til paven nær Quirinalpalasset.

Han døydde i Roma den 7. juli 1656 og blei gravlagd i kyrkja i Sant'Andrea delle Fratte.

Sjølv om Rossi var kjend som ein framifrå fiolinist, har ingen fiolinkomposisjonar av han overlevd, og i dag byggjer omdømet hans hovudsakleg på eit overlevende band av klavermusikk. Dei ti toccataene i dette verket er velsette, særleg Toccata VII med sin høgt kromatiske slutt er velkjend. Dei står stilistisk nær musikk av Carlo Gesualdo og Johann Jakob Froberger, men er individuelle, og er rekna som ein viktig milepåle i klaverlitteraturen.

Kjelder endre