Songen Vienna
Vienna Singel av Ultravox frå albumet Vienna | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. januar 1981[1] | |
Innspelt | Februar 1980 | |
Studio | RAK Studios (London) | |
Sjanger | Synthpop, New Romantic | |
Lengd |
| |
Selskap | Chrysalis | |
Komponist | Chris Cross, Billy Currie, Midge Ure, Warren Cann | |
Tekstforfattar | Midge Ure, Billy Currie, Warren Cann | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent |
| |
Ultravox-kronologi | ||
«Passing Strangers» (1980) |
Vienna | «All Stood Still» (1981)
|
«Vienna» er ein song frå 1980 av det britiske new wave-bandet Ultravox. Han kom ut som den tredje singelen frå det fjerde albumet deira, Vienna, den 9. januar 1981 på Chrysalis Records.[1] Songen låg fire veker på andreplassen på UK Singles Chart utan å nå toppen.[2] Berre John Lennon sin «Woman» den eine veka,[3] og så Joe Dolce-songen «Shaddap You Face» dei neste tre vekene låg føre.[4][5][6] «Vienna» vart rangert som den åttande bestseljande singelen i Storbritannia i 1981.[7] Singelen selte til gullplate i februar 1981[1] for eit salstal på 500 000 eksemplar i Storbritannia. Songen nådde toppen av lista i fleire europeiske land, som Nederland, Belgia og Irland.
Songen vann òg prisen for årets singel i 1981 under Brit Awards. Songen vert rekna som ein slager innan synthpopsjangeren, som vart populær tidleg i 1980-åra. Songen vart framført på Live Aid-konserten deira i 1985 på Wembley Stadium. Songen har vore signaturlåten til Ultravox og den største suksessen deira.
I 2012 vart songen kåra til favorittsingelen til britiske lyttarar på BBC Radio 2 av songar som berre nådde andreplassen.[8]
B-sida til singelen var «Passionate Reply», ein lett, popaktig synthpopsong. 12"-singelen inneheld «Herr X», ein versjon av ein Kraftwerk-aktig song på albumet kalla «Mr. X», sungen på tysk av Warren Cann.
Innhald
endreAlle songar skrivne av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure, utanom der andre er nemnde.
1981
endre- 7"-vinyl
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Vienna» (singel) | 4:37 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Passionate Reply» | 4:17 |
- 12"-vinyl
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Vienna» | 4:53 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Passionate Reply» | 4:17 |
2. | «Herr X» | 5:49 |
Salslister
endreListe (1981) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[9] | 11 |
Den austerrikske singellista[10] | 8 |
Belgia (Flandern) (Ultratop)[11] | 1 |
Tyskland (Media Control Charts)[12] | 14 |
Irish Singles Chart[13] | 1 |
Nederland (Single Top 100)[14] | 1 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[15] | 1 |
New Zealand Singles Chart[16] | 2 |
Den sørafrikanske singellista[17] | 8 |
Den svenske singellista[18] | 7 |
UK Singles Chart[2] | 2 |
Liste (1993) | Plassering |
UK Singles Chart | 13 |
Irish Singles Chart[13] | 20 |
Vienna 92
endreVienna 92 av Ultravox | ||
B-side |
Systems of Love | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1992 | |
Innspelt | Berwick Street Studios, London | |
Sjanger | ||
Lengd |
| |
Selskap | ZYX | |
Komponist | Chris Cross, Billy Currie, Midge Ure, Warren Cann | |
Tekstforfattar | Midge Ure, Billy Currie, Warren Cann | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent |
| |
Ultravox-kronologi | ||
«All in One Day» (1987) |
Vienna 92 | «Vienna» (1993)
|
I april 1992 vart ein nyinnspelt versjon av «Vienna», av ei ny besetning av Ultravox, gjeven ut på singel i Tyskland.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Vienna 92» (Goodnight Vienna remix) | 7:31 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Vienna 92» (The classic mix) |
| 4:35 |
2. | «Systems of Love» |
| 4:31 |
Andre versjonar
endreSongen er blitt spelt av fleire andre artistar:
- Kirlian Camera (Todesengel. The Fall of Life, 1991)
- Vic Reeves (NME-samlinga Ruby Trax, 1992)
- Celestial Season (Solar Lovers, 1995)
- Dump (I Can Hear Music, 1995)
- King's Singers (Spirit Voices, 1997)
- Gregorian (Masters of Chant, 2000)
- Russell Watson (The Voice, 2000)
- Rax1 (1987)
- Clawfinger (A Whole Lot of Nothing, 2001)
- Infernal (From Paris to Berlin, 2005)
- FranKo (2011)
- Fraser Aitken (Night of Nine Joints, 2014)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vienna (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «BPI > Certified Awards > Search results for 'Ultravox' (page 2)». British Phonographic Industry. Henta 4. september 2020.
- ↑ 2,0 2,1 «Official Chart Company - Ultravox». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020.
- ↑ «Official Singles Chart Top 75 > 08. februar 1981 - 14. februar 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020.
- ↑ «Official Singles Chart Top 75 > 15. februar 1981 - 21. februar 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020.
- ↑ «Official Singles Chart Top 75 > 22. februar 1981 - 28. februar 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020.
- ↑ «Official Singles Chart Top 75 > 01. mars 1981 - 07. mars 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020.
- ↑ «UK-Charts.Top-Source.Info > Top 100 1981». uk-charts.top-source.info. Henta 4. september 2020.
- ↑ Barnes, Anthony (31. desember 2012). «Ultravox hit 'Vienna' named nation's favourite number two single». The Independent.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 317. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Ultravox - Vienna - austriancharts.at» (på tysk). Henta 26. juli 2009.
- ↑ «Ultratop > Ultravox - Vienna» (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 4. september 2020.
- ↑ «Offizielle Deutsche Charts > Ultravox - Vienna (single)» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 4. september 2020.
- ↑ 13,0 13,1 «irishcharts.ie search results». Henta 26. juli 2009.
- ↑ «dutchcharts.nl - Ultravox - Vienna» (på nederlandsk). Henta 26. juli 2009.
- ↑ «Nederlandse Top 40 - Week 15, 1981» (på nederlandsk). Henta 26. juli 2009.
- ↑ «charts.nz > Ultravox - Vienna (song)». Hung Medien. Henta 4. september 2020.
- ↑ «SA Charts 1969 - 1989 (As presented on Springbok Radio/Radio Orion) > Acts U». Sugar Music. Henta 4. september 2020.
- ↑ «swedishcharts.com - Ultravox - Vienna». Henta 26. juli 2009.