Do They Know It's Christmas?

Do They Know It's Christmas?
Song
Komponist Bob Geldof, Midge Ure
Tekstforfattar Bob Geldof, Midge Ure

«Do They Know It's Christmas?» er ein song skriven av Bob Geldof og Midge Uresom blei spelt inn, produsert og miksa i løpet av 24 timar den 25. november 1984, då dei fekk eit døgns gratis studiotid denne dagen. Songen blei gitt ut som singel med Band Aid 3. desember 1984. Han er seinare gitt ut i fleire versjonar. Geldof skreiv i hovudsak teksten, medan Ure laga musikken og stod for korarrangementet. Ure var også produsent.

Formål endre

Geldof tok initiativ til å laga songen etter at han hadde han hadde sett ein dokumentarfilm av Michael Buerk om svoltkatastrofen i EtiopiaBBC. Han tok kontakt med Ure frå Ultravox, og dei skreiv songen saman på svært kort tid. Formålet med utgjevinga var å samla inn pengar, men særleg å få svoltkatastrofen i Etiopia, som på dette tidspunktet hadde gått føre seg i tre år utan internasjonal merksemd, på den internasjonale dagsordenen. Dette lykkast dei med. Som andre julesongar blir han henta fram igjen i førjulstider, og allereie året etter vende songen tilbake til dei britiske hitlistene og fekk ei plassering på tredjeplassen veka etter jula 1985.

Ein ny versjon frå november 2004, produsert ved 20-årsjubileet til den fyrste innspelinga, nådde også førsteplassen på hitlistene dette året.

Dagen etter utgjevinga i 1984 var Geldof på frukostsendinga til BBC og lova at kvar penny av salet skulle gå til dei svoltramma. Dette førte til ein konflikt med dei britiske styresmaktene, då dei nekta å gi frå seg omsetningsskatten VAT på salet av singelen. Geldof utfordra statsminister Margaret Thatcher direkte, og etter ein offentleg polemikk og under press frå den offentlege opinionen måtte regjeringa gje seg og gav avgiftspengane tilbake til formålet.

Musikken endre

Songen består av to delar, ein versedel og ein overgang, der dei enkelte kormedlemmene song kvar si strofe, og eit refreng i form at to repeterande strofer med heile ensemblet. Kordelen la Ure på rett før innspelinga, og i stilen er denne svært lik mykje av det han laga med Ultravox, som «Hymn» frå to år tidlegare. Musikken er kjenneteikna av markert bruk av trommer, mellom anna spelt av Phil Collins. Han er elles hovudsakleg basert på synthesizer, og har klare element frå new romantic-sjangeren.

Songen blei ein kjempehit, og selde ein million eksemplar allereie første veka. Han låg øvst på dei britiske hitlistene i fire veker.

Tekst endre

Temaet i songen er at medan ein i dei rike landa i vesten feirar jul og koser seg, døyr det medmenneske i svoltkatastrofar andre stader, i dette høvet i Etiopia.

Bono var i utgangspunktet lite glad for strofa han song, «Tonight thank God it's them instead of you.». Seinare måtte han medgi at det var ei smertefull sanning i ho, at medan ein kan føla med og få skuldkjensle av lidinga til andre, er ein likevel ikkje i stand til å ta inn over seg lidinga deira. Geldof sin tanke bak strofa var at ein må vera takksam for at sine eigne kjære ikkje er i den situasjonen som dei naudlidande er. Ure tok opp denne strofa i same oktav som resten av songen, men Bono song han ein oktav opp då det vart hans tur til opptak, og det får ein verknaden av eit element av desperasjon i framføringa. Det blei med dette eine opptaket.

Deltakarar endre

Sjå òg endre

Kjelder endre