Mihaela Melinte

Mihaela Melinte (fødd 27. mars 1975) er ein rumensk tidlegare sleggjekastar frå Bacău. Ho tok gullmedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1998 og verdsmeisterskapen 1999. Melinte sette tre verdsrekordar i sleggjekast, den siste på 76,07 meter frå 1999 gjaldt i seks år. Straks føre Sommar-OL 2000 i Sydney testa ho positivt på nandrolon og vart utestengd i to år.

Mihaela Melinte
Fødd 27. mars 1975 (46 år)
Bacău
Yrke sleggekaster, friidrettsutøvar

AktivEndra

Sommaren 1997 vann Melinte sleggjetevlinga både under ungdoms-EM i Turku og universiaden i Catania, med vinnarkast på høvesvis 70,26 m og 69,84 m. Året etter vart ho europameister i Budapest. Gjennom 1999-sesongen forbetra Melinte verdsrekorden i sleggjekast tre gongar, sist til 76,07 meter i tyske Rüdlingen den 29. august 1999. Etter å ha forsvart studentmeister-tittelen i Palma de Mallorca i juli månad med eit bestekast på 74,26 m, vart ho 24. august verdsmeister med 75,20 meter. Fem dagar etter ho tok VM-gullet sette ho altså verdsrekorden, ein rekord som var sletta av russiske Tatjana Lysenko knapt seks år seinare.

DopingEndra

Ved stemnet Notturna di Milano i 2000 vart Melinte avslørt for å ha brukt det anabole steroidet nandrolon. Då det rumenske friidrettsforbundet ikkje vart informert om dopingfunnet og utestenginga, møtte Melinte opp på olympiastadion i Sydney, for så å verte bortvist frå arenaen.

Melinte gjorde comeback i sleggjeringen i 2003. Ho kvalifiserte seg til VM-finalane i 2003 og 2005, men makta ikkje å melde seg på i medaljestriden. Etter utstenginga i 2000 kasta ho aldri 72 meter i sleggje.

Tolv gongar vart Melinte kåra til rumensk meister i sleggjekasting.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra