Mikhail Sjtsjennikov

Mikhail Anatoljevitsj Sjtsjennikov (fødd 24. desember 1967) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sverdlovsk som i 1994 vart europameister i 20 km kappgang. Han vann elles VM-sølv 1991 og 1997 på same distansen og OL-sølv 1996 på 50 km. Innandørs tok han fire VM-gull og tre EM-gull i 5 km kappgang. Han tevla for Sovjetunionen til 1991, sidan for Russland.

Mikhail Sjtsjennikov


Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 24. desember 1967 (56 år)
Jekaterinburg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Aktiv endre

Sjtsjennikov utmerkte seg som kappgjengar særleg på 5 km innandørs. Han vann øvinga i alle dei fire fyrste verdsmeisterskapane innandørs, frå Indianapolis i 1987 til Toronto i 1993. I dei store internasjonale meisterskapane utandørs lukkast han vinne si fyrste medalje då han vart andremann på 20 km under Friidrett-VM 1991 i Tokyo. Tre år seinare vann Sjtsjennikov gullmedaljen på same distansen ved EM 1994 i Helsinki. Under dei olympiske leikane i Atlanta i 1996 deltok han både på 20 km og 50 km. Her overraska han stort på 50 km ved å fylgje vinnaren i tevlinga, polske Robert Korzeniowski, så å seie til målstreken, i mål skilde det seks sekundar mellom den olympiske meisteren og Sjtsjennikov på sølvplass. Året etter tok Sjtsjennikov ein ny sølvmedalje, ved VM 1997 i Aten kom han i mål ti sekundar etter verdsmeisteren frå Mexico.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre