Opna hovudmenyen

Maurizio Damilano (fødd 6. april 1957) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Scarnafigi i Cuneo-provinsen som i 1980 vart olympisk meister i 20 km kappgang og sidan verdsmeister 1987 og 1991 på same distansen. Elles vann han to OL-bronsar og eitt EM-sølv, også dei på 20 km.

Maurizio Damilano
Sandro Bellucci, Giorgio and Maurizio Damilano, Raffaello Ducceschi.jpg
Fødd 6. april 1957
Scarnafigi
Yrke kappgjengar, friidrettsutøvar
Maurizio Damilano på Commons

AktivEndra

Etter sjetteplass i den internasjonale meisterskapsdebuten i EM 1978, kom Damilano tilbake og vann i Moskva i 1980 den olympiske gullmedaljen i 20 km kappgang framom Pjotr Potsjentsjuk frå arrangørlandet Sovjetunionen. I dei neste sommarleikane, i Los Angeles i 1984, måtte Damilano sjå seg frågått av meksikanarane Ernesto Canto og Raúl González og enda såleis opp med bronsemedaljen. Under europameisterskapen i Stuttgart i 1986 kjempa Damilano om sigeren på 20 km mot Jozef Pribilinec frå Tsjekkoslovakia til så å seie siste steg, eit oppgjer Pribilinec vann med to sekunds margin. Året etter fekk Damilano revansje då VM 1987 fann stad i heimelandet, der han i Roma vann med 22 sekunds fordel i høve Pribilinec på andreplass. Under Sommar-OL 1988 i Seoul inntok Pribilinec på ny det høgste punktet på sigerspallen etter 20 km kappgang var gjennomført, Roland Weigel var nærast å snyte slovaken for gullet, medan Damilano kom på bronseplassen. I 1991 forsvarte Damilano VM-tittelen på 20 km under meisterskapen i Tokyo. Året etter kom han på fjerdeplass under dei olympiske leikane i Barcelona, der han hamna eit stykke bakom medaljevinnarane i spesialøvinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra